Hovedside | Kontakt oss | English
skandi
Ferjeflåten treng fornying – verftsindustrien treng oppdrag

Mange av ferjene i sambanda fylkeskommunen får ansvar for frå nyttår er gamle og bør skiftast ut. Samstundes er det mangel på oppdrag for norske verft. Det må snarast koma eit statleg program for modernisering av ferjeflåten, skriv fylkesordførar i Hordaland, Torill Selsvold Nyborg, i brev til samferdselsministeren.

Etter innføring av forvaltningsreforma frå 1.1.2010 vil Hordaland fylkeskommune ha ansvar for i alt 17 ferjesamband.  For fleire av desse ferjesambanda er det i anbodsutlysinga for ferjedrifta ikkje lagt inn føresetnader om nye ferjer. Det vil derfor på fleire ferjesamband i Hordaland framleis bli nytta gamalt ferjemateriell, som m.a. ikkje stettar krav til universell utforming og miljøvenleg drift, heiter det i brevet.

Løyvingar må koma
Modernisering av ferjeflåten vil krevja midlar som går langt utover dei økonomiske rammene fylkeskommunen fekk til ferjedrift i samband med forvaltningsreforma, understrekar fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Ta intitiativ
– Eg ber derfor samferdselsministeren ta initiativ til ei statleg ordning for fornying og modernisering av ferjeflåten i fylkeskommunale ferjesamband. Ei slik ordning vil og kunna virka stimulerande for norske verft i ei tid med sviktande ordrereservar i kjølvatnet av den økonomiske krisa, heiter det i brevet til statsråd Meltveit Kleppa

Ventar positivt svar
Og fylkesordføraren avsluttar slik: – Eg ser fram til ei positiv tilbakemelding på at samferdselsministeren vil føreta ei nærare vurdering av ei mogleg statleg ordning for å sikra nødvendig modernisering av den ferjeflåten på fylkeskommunale samband.

Maritimt Forum berømmer engasjementet
- Vi setter pris på engasjementet til Hordaland fylkeskommune. Maritimt Forum mener det bør jobbes med å få frem ordninger som gjør at de omlag 50 fergene i Norge som er mer enn 30-år gamle erstattes med nybygg basert på gassdrift. Det vil være bra for de reisende, det vil være bra for miljøet og det vil være et bidrag til å holde hjulene i gang og et viktig bidrag til å videreutvikle verfts- og utstyrindustrien som nå etter hvert vil slite med slukne ordrebøker, sier Jørn Th. Prangerød, daglig leder i Maritimt Forum.  



Tilbake