Dro fram Hydrogen Valley på AP sitt landsmøte

Ordføraren i Tysvær, Sigmund Lier, var i innlegget sitt på AP sitt landsmøte oppteken av de grøne skiftet. Han dro fram Hydrogen Valley på Haugalandet.

Sigmund Lier
Arkivfoto: Sigmund Lier

- Ungdomane viser veg i klimadebatten og skulestreiker. Me heiar på dei! Verda er i klimakrise. Norge må gå foran i det grøne skiftet. Norsk naturgass kan vera løysinga for å gje Europa rein energi, innleia Lier.

Han poengterte kor viktig olje- og gassnæringa har vore for å byggje verferda i Noreg, understreka at landet vårt kan forsyne Europa med rein naturgass i staden for kol, samstundes som han holdt fram at hydrogen kan vere løysinga for å klare det grøne skiftet i henhold til pliktene som ligg i Paris-avtala.

- På Haugalandet har Arbeiderpartiet sine ordførarar gått foran og fått etablert eit klyngesamarbeid gjennom energiprogrammet Norwegian Clean Energy Cluster som i desse dager får det norske navnet RENergi programmet. Her står FN sine bærekraftsmål som klare hjørnesteinar for arbeidet, sa Sigmund Lier.

Han gav klart uttrykk for at haugalendingane ser for seg hydrogenproduksjon som starten på eit nytt industrieventyr.

- Hydrogen Valley Haugalandet, ambisjonane er store. Noreg må gå i bresjen for å forsyne Europa med hydrogen frå storskala industriell produksjon basert på norsk naturgass, med karbonfangst og lagring. Infrastrukturen for distribusjon til europeiske energimarkeder har vi allereie, avslutta Lier.

(Tekst og foto SMe)