Eskeland utfordra på havvind. Vil bidra til nytt lykkeland.

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) blei utfordra på havvind då ho var med i eit stormøte i Haugesund. Fleire meinte regjeringa har ei jobb å gjere.

Liv  Karis  Eskeland  Arne  Christian  Mohn M Fl
F.v. Liv Kari Eskeland (Stortinget), Arne-Christian Mohn (Haugesund kommune), Magne Bjelland, (Kværner Stord), Håkon Vevang (Østensjø Rederi), Arvid Nesse (Norwegian Offshore Wind Cluster) og Knut Vassbotn (Aker Solutions).

Møtet om havvind tok sikte på å syne fram potensialet som kan ligge der for norsk maritim eksportindustri. 80 var påmeldt. Det blei vist til at industien treng incitamenter i byrjinga, men at havvind vil bli kommersielt i nær framtid, og rekningssvarande for Noreg.

Vi tok ein prat med Liv Kari Eskeland etter møtet.

- Du blir utfordra på kva regjeringa gjer. Kva har du å seie?

- Gjennom at regjeringa no har sendt på høyring opning av to områder for havvind, Utsira Nord og Sandskallen-Sørøya Nord, opner me for den heimemarknaden som næringa etterlyser. Sandskallen-Sørøya Nord ligg kring 40 km nordvest av Hammerfest og er av den grunn perfekt dersom ein ønskjer å elektrifisere Equinor sitt gassanlegg på Melkøya. Vidare er det bedt om innspel på om det kan det vere aktuelt å opne Sørlege Nordsjø II. Som del av høyringa vil Olje- og Energidepartementet også foreslå ein forskrift til havenergiloven. Forskriften gir nærare bestemmelser om konsesjonsprosessen. I tillegg er det opning for å sette havvindmøller i forbinding med offshoreinstallasjonar, slik Equinor no vurderer å gjere på Tampen.

- Nokon meiner ansvarleg statsråd eigentleg framstår som ganske lunken. Han vil ikkje kome med subsidiane som trengst i byrjinga.

- Då vil eg svare at Enova no er blitt tildelt ansvar for å kunne vere med på finansiering av havvindeventyret. I tillegg er det fleire program som kan vere med å bidra inn i tidlegfase av designprosess innan innovasjon på området.

- Du sit sjølve i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Korleis tar du med signala frå dette møtet med inn på Stortinget?

- Vi frå Stortinget kjem til å følje prosessane tett og lytte til næringslivet sine behov framover. Målet er at det grøne skiftet skal bidra med reduksjon i klimagassar, nye, innovative arbeidsplassar og produksjon av meir fornybar energi. Slik sett svarar havvind, og kanskje spesielt flytande havvind, på alle desse kriteriene. Det er svært bra at vår region no har teke på seg leiartrøya i dette arbeidet, og vi har dei beste føresetnadane til å klara oppgåva. Vi har kompetansen frå olje og gass og maritim sektor som gjev oss særskilte fortrinn til å handtere teknologiutvikling innan området. Vi ser at ein grip heile verdikjeder, frå utvikling, produksjon og drift, og nyttar element frå kjend teknologi over til fornybare havvindmøller. Eg meiner altså at regjeringa no har levert på næringa sitt ønske om ein heimemarknad med å opne to felt og bede om innspel på eit tredje felt. Då skulle vi vere på rett veg.

- Det er kommunevalkamp nå. Du har vore ordførar på Stord tidlegare. Har kommunene ein rolle å spele i dette?

- Kommunane må på banen for å kunne allokere areal til samanstilling og produksjona av store komponentar. Samstundes må vi også ha tett dialog med andre som tradisjonelt har nytta havet sine ressursar. God dialog med fiskeri vil og vere naudsynt. Men la meg avslutte med litt store ord. Eg vil bidra til at havvind kan bli vårt nye lykkeland.

Havvind Møte 09 08 219
Frå møtet om havvind i Haugesund nyleg.

(Tekst og foto SMe)