Med grøn profil på blått landsmøte

Liv Kari Eskeland løfta fram grøne saker på Høgre sitt landsmøte. - Vi skal på sikt fase ut fossile energikjelder, men dette skal vi gjere på skuldrene til olje- og gassindustrien, sa ho blant anna.

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland

Høgre sitt landsmøte gjekk av stabelen for om lag ei veke sidan. I hovudinnlegget sitt retta Eskeland søkelyset på olje- og gass industrien nett som Johan Sverdup forlot heimstaden, Leirvik på Stord.

- Gjennom stadig fleire debattar vert denne viktige næringa sett under press. Ja, vi er på veg inn i det grøne skifte. Ja, vi tek klimautfordringar på største alvor. Ja, vi skal på sikt fase ut fossile energikjelder. Men dette skal vi gjere på skuldrene til olje- og gassindustrien vår, sa Liv Kari Eskeland.

Ho ser norsk olje og gass som ein stabiliserande faktor i den europeisk energimiksen.

- Gjennom elektrifiseringa av sokkelen representerer norsk olje og gass mellom dei som slepp ut minst CO2 under produksjon, og etter kvart kan vi produsere blå hydrogen med karbonfangst og lagring. Vi ser også at havvind kan nyttast som fossilfri energi til olje- og gassfelta våre. Dette vil kunne vere ein start på det som kan bli eit nytt industrieventyr, fortalde Eskeland til landsmøtet.

Samstundes tok ho til orde for at Noreg globalt skal jobbe for å auke avgifta på CO2, og at vi skal finne ny teknologi som reduserer energibruken.

- Vi skal finne ny teknologi som nyttar elektisitet gjennom fornybare kjelder. Det kan vere innan luftfart, skipsfart og transport generelt. Vi skal også bidra til at Noreg i endå større grad er med på å legge til rette for fornybare energikjelder som vind-, vannkraft og solenergi, sa Liv Kari Eskeland frå talarstolen på Høgre sitt landsmøte.

(Tekst og foto SMe)