Ny styreleiar i NCE Maritime CleanTech

Bjørn Sundland erstattar Ingve Sørfonn som styreleiar i næringsklynga NCE Maritime CleanTech.

Bjørn Sundland
Bjørn Sundland

Bjørn Sundland er COO i Gasnor og har lang erfaring innanfor havrelatert industri. Han har også vore styremedlem i NCE Maritime CleanTech dei siste to åra.

- Eg er svært glad for at Sundland har takka ja til å bli ny styreleiar. Han har solid industrierfaring, eit brennande engasjement for klimaet og han kjenner utfordringane og moglegheitene i havnæringane godt. Denne kunnskapen vil komme godt med i den vidare utviklinga av klyngesamarbeidet, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

- For Noreg er målretta forsking og innovasjon innan teknologi som reduserer utslepp frå havnæringane avgjerande, både for klimaet og for konkurransekrafta til industrien. Eg ser fram til å bidra i dette arbeidet som styreleiar for eit av landets fremste innovasjonsmiljø innan grøn teknologi, seier Sundland.

Sundland overtar vervet frå Ingve Sørfonn, som har vore styreleiar i klynga sidan skipinga i 2011.

- Sørfonn har vore ein sentral bidragsytar til at klynga har bygd seg opp som ein sterk aktør innan utvikling av grøne løysingar, både i Noreg og internasjonalt. Han har også vore sentral i mange av innovasjonsprosjekta i klynga og vil framleis ha ei aktiv rolle i NCE Maritime CleanTech sine aktivitetar framover, seier Hege Økland.

Klyngene blir viktige

Noreg skal halvera klimagassutsleppa i løpet av de neste ti åra. Før påske skal regjeringa også lansera ein handlingsplan for grøn skipsfart som vil setja krav til utsleppskutt i alle sektorar. Ambisiøse mål vil gi store moglegheiter for den maritime industrien, og Sundland meiner klynger som NCE Maritime CleanTech får ei viktig rolle framover.

- Noreg har alltid vore ein sterk havnasjon. Me skal no omstilla oss frå eit fossilt til eit fornybart samfunn, og denne omstillinga kan bli eit nytt industrieventyr for Noreg. Eg meiner NCE Maritime CleanTech er godt posisjonert til å ta ei leiande rolle i dette arbeidet, seier han.

NCE Maritime CleanTech sitt styre har følgande samansetting frå 22. mars:

  • Bjørn Sundland, Gasnor (styreleiar)
  • Liv Reidun Grimstvedt, Høgskolen på Veslandet (nestleiar)
  • Hans Petter Nesse, Wärtsilä (styremedlem)
  • Erik Hjortland, Odfjell (styremedlem)
  • Vermund Hjelland, Eisdesvik (styremeldem)
  • Kristin Flornes, NORCE (styremedlem)
  • Tor Inge Dale, Solstad Offshore (styremedlem)
  • Terje Johansen, Kværner (styremedlem)
  • Ada Jakobsen, NorthSea Container Line (sturemedlem)
  • Helge Gjøsæter, Leirvik (styremelem)
  • Pål Tveitevåg, BKK (varamedlem)
  • Asbjørn Tverdal, Haugaland Kraft (varamedlem)

(Tekst og foto frå pressemelding)