Nytt gull til NCE Maritime CleanTech

For andre gong blir NCE Maritime CleanTech sertifisert med EUs gullmerke for arbeidet sitt.

Nce Maritime
Medarbeidarane i NCE Maritime CleanTech. Dagleg leiar Hege Økland til høgre i biletet.

NCE Maritime CleanTech stadfestar med dette sin posisjon i det internasjonale toppsjiktet av næringsklynger.

Sertifiseringa som vart utført i haust, førte til full score hos den europeiske organisasjonen ESCA, noko som er eit sjeldan resultat for slike organisasjonar. I tillegg er NCE Maritime CleanTech den einaste europeiske næringsklynga med grøne løysingar som hovudagenda, som har denne statusen.

ESCA har mellom anna vurdert klynga si leiing, strategi og aktivitetar. For å oppnå gullstatus har NCE Maritime CleanTech fått full pott i målinga av 31 omfattande indikatorar.

- Me er svært stolte over dei mange bedriftene som deltar i klyngesamarbeidet vårt. Me ser at samarbeidet verkar, og at det får fram mange viktige nyskapingar innan grøne løysingar til skipsfarten. Dette gullmerket viser at alle aktørane våre jobbar på eit høgt nivå for å fasa inn grøn teknologi i marknaden, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.

-Gullmerket er også særleg viktig fordi ein slik ”gullstatus” er sentralt når me no er på full fart ut i verda med verdsleiande norsk miljøteknologi. Det er potensial for store klima- og miljøgevinstar i skipsfarten verda over, og teknologien vår er i front. Gullmerket gir oss ekstra tyngde når me møter aktørar i Kina, Brasil og USA, for å nemna nokre folkerike land der norske løysingar kan bidra til grønare aktivitetar på sjøen, seier Økland.

Samtidig med fleire utmerkingar og prisar har NCE Maritime CleanTech opplevd sterk vekst i talet på deltakande bedrifter. I oktober vil klynga passera 100 medlemsbedrifter frå store deler av landet, med hovudvekta langs vestlandskysten.

Styreleiar Bjørn Sundland er imponert over kva organisasjonen får til.

- Klyngeadministrasjonen i NCE Maritime CleanTech fasiliterer samarbeid på tvers av medlemsbedriftene på ein måte som akselererer innovasjon og bidrar sterkt til grøn omstilling. Gullmerket er ei anerkjenning av det svært viktige arbeidet dei utfører, seier Sundland.

(Tekst og foto frå pressemelding)