Verkstadar høyrande til Bømlo vgs. blir samlokalisert med UNITECH

Fylkestinget i Hordaland har vedteke at verkstadane til faga TIP, EL og Naturbruk blir i nybygget til UNITECH på Rubbestadneset.

Rubbestadneset
Det planlagte forsknings- og utviklingssenteret til UNITECH på Rubbestadneset.

Primus motor bak UNITECH Technology Center på Rubbestadneset, Gunnar Birkeland, er særs nøgd. Han skriv på LinkedIn at samlokaliseringa er ein ny merkestein i utviklinga av det maritime innovasjonsmiljøet på staden.

Bømlo vgs. og Rubbestadneset vgs. blei vedteken slått saman hausten 2016. I sakshandsaminga til Fylkestinget som no har vedteke at verkstadane skal samlokaliserast med UNITECH, heiter det mellom anna at lokalisering har vore vurdert ut frå det som gjev best løysing for elevar, tilsette, næringslivet og lokalsamfunnet. Det heiter også at økonomi og framdriftsrisiko er blitt vurdert.

– Me ynskjer nye generasjonar velkomen til å ta del i ein arena for problemløysing, teknologiutvikling og innovasjon, skriv Birkeland.

(Tekst SMe. Foto UNITECH)