Vitja gamle kjenningar hos Aibel og Kværner

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) var med på då Njord A vart bygd og då Njord Bravo vart renovert. Equinor inviterte ho tilbake.

Liv Kari
Siri Espedal Kindem, Liv Kari Eskeland og Ranveig Sofie Stangeland ved Njord A på verftsområdet til Kværner Stord. Foto privat.

- I 1996 var eg del av site-teamet til Kværner (Aker Stord) som hadde sett ut bygging av bustadmodulen til Leirvik Sveis AS. Dette var første gong vi fekk testa ut Norsok på eit norsk bustadkvarter. Det var sjølvsagt av interesse å sjå korleis plattforma og bustadmodulen hadde stått seg gjennom desse åra, smiler Eskeland.

Njord A har vore til renovering hos Kværner Stord.

- Det er eksemplarisk at ein greier å nytte allereie etablert infrastruktur når no felta får forlenga levetid. Dette er også eit viktig prinsipp at ein vurderer å gjenbruke framom å bygge nytt. Renovering av plattforma har gjeve kjærkome arbeid til verftet i perioden mellom nybygg, og renoveringsoppdrag vil vera ei nisje som fleire av våre verft vil finne eit marked i framtida, sier Liv Kari Eskeland.

Mellom perioden Eskeland hadde som ordførar i Stord kommune og stortingsperioden var ho innleid til Statoil for å følge opp bustadkvarteret på Njord Bravo. Denne var i då lokalisert i Kristiansund, før Aibel så fekk oppdraget med å renovere båten. Diskusjoner gjekk også her på om ein skulle renovere eller satse på nybygg, men svaret vart renovering.

- Det er bra for den totale miljørekneskapen, seier Eskeland.

Arbeidet med bustaddelen har blitt noko meir omfattande enn først antatt.

- Ein fann bakenforliggjande korrosjon då ein starta modifikasjonene. Dette er ikkje heilt uvanleg for denne type prosjekt. Elles gjer Aibel ein svært god jobb med oppgraderinger av heile båten, der mellom anna innstallering av eit VOC anlegg også vil bidra til eit betre miljøavtrykk, seier Eskeland. Ho sit for Høgre i Energi og miljøkomiteen på Stortinget.

(Tekst SMe)