Første lakselast til London

MS Vega Vela har første gang satt kursen mot London frå Vestlandet med laks frå Bremnes Seashore. North Sea Container Line bryt nye sjøvegar.

F V  Håvard Apeland Ncl Truls Ramsli Ocean Quality Martin Torkelsen Ncl Og Simon Nesse Økland Bremnes Seashore  Foto Bremnes Seashore
F.v. Håvard Apeland (NCL), Truls Ramsli (Ocean Quality), Martin Torkelsen (NCL) og Simon Nesse Økland (Bremnes Seashore). Foto - Bremnes Seashore.

Containerrederiet med fem skip i operasjon opnar no ruta på London. Frå før seiler dei faste ruter mellom norskekysten og kontinentet med havnene Rotterdam, Hamburg og Bremerhaven.

Bremnes Seashore, med eksportselskapet Ocean Quality, er første kunde som sender laks med ruta til London. Den gjekk med bil til Haugesund Cargo Terminals på Husøy og tok strake sjøvegen derifrå over Nordsjøen.

- Sendinga inneheld BÖMLO, Bremnes Seashore si merkevare for kvalitetslaks som me distribuerer til utvalde eksportmarknader i Europa og Asia. BÖMLO-merket består av fersk og frosen heil laks, samt ulike filetprodukt, seier utviklingssjef Simon Nesse Økland i Bremnes Seashore.

Bremnes Seashore slakta laksen på Bømlo måndag føremiddag. Han blei henta med kjølecontainer måndag ettermiddag, lasta om bord på skipet måndag kveld, og er framme i London onsdag.

- Regjeringa ønskjer å flytta gods frå veg til sjø, og Kystverket har støtta etableringa med 25 millioner kroner. Med sambandet får laksenæringa for første gang eit reelt alternativ til vogntog for transport av laks til Storbritannia. London har i tillegg ei sentral rolle i transportnettet vidare ut i verda, heiter det i ei pressemelding.

- Det er en stolt dag for North Sea Container Line, smiler CEO i NCL, Bente Hetland.

- Fersk BÖMLO-laks som skal til kvalitetsbevisste kundar i Storbritannia, har det travelt. Med den nye sjøruta når me marknaden i Storbritannia raskt og effektivt. Fisken blir foredla ved slakteriet på Bømlo, og for oss er det ideelt at ruta går direkte frå Sunnhordland, seier Truls Ramsli, Logistics Manager i Ocean Quality.

Det går frem av pressemeldinga at når laksetransporten blir flytta frå veg til sjø, blir utslippa redusert med 60 prosent.

Container Blir Lasta Ombord I Vega Vela  Foto Bremnes Seashore
Container blir lasta ombord i Vega Vela. Foto - Bremnes Seashore.

(Tekst SMe tilapssa etter pressemelding)