Olje- og energiministeren svarer Eskeland om hydrogen

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) spurde om regjeringa si nye hydrogenstrategi vil gjere ammoniakk likestilt med hydrogen. – Det kjem an på, svarer Tina Bru.

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland

Olje- og energiminister Tina Bru har gitt eit skriftleg svar på eit skriftleg spørmål som Liv Kari Eskeland nyleg la fram i Stortinget.

– Ammoniakk og hydrogen vil vere likestilt som lågutslippløysingar i hydrogenstrategien der det er relevant. I tillegg må eg presisere at rein hydrogen er ein føresetnad for å framstille rein eller grøn ammoniakk, skriv mellom anna Tina Bru i svaret sitt til partifellen.

Ho syner til at hydrogenstrategien legg til grunn at hydrogen må produserast tilnærma utslippsfritt, anten ved elektrolyse frå fornybar kraft, eller frå naturgass med CO2 handtering for å kunne sjåast som ei klimaløysing.

Eskeland spør og korleis regjeringa vil stimulere overgangen til hydrogen.

– Regjeringa legg til rette for gode lågutslippsløysingar gjennom verkemiddelapparatet. Det vert ikkje lagt opp til å endre på dette gjennom hydrogenstrategien. Det vil vere opp til aktørane og marknaden å finne dei best egna teknologiane, skriv Tina Bru.

Ho syner likevel til at offentlege innkjøp kan bli brukt for å fremme rein hydrogen som energibærar.

Du kan lese heile spørsmålet til Eskeland og heile svaret til Bru her.

(Tekst og foto SMe)