I januar vart det offisielt at Green Yacht AS har valt Servogear som leverandør av framdriftssystem til fartøyet Hydrogen Viking. Båten, som er ein ombygd Sunseeker Predator 95, blir eit av verdas første og raskaste skip driven av hydrogen. Hydrogen Viking skal utrustast med ei hydrogencelle som skal avgje energi til ein batteribank om bord som igjen skal forsyne gir og propellar med tilstrekkeleg kraft for å flytte skipet i over 30 knop.
- Det er utruleg kjekt, givande og lærerikt for Servogear å få ta del i dette innovative prosjektet. Servogear tek mål av seg å sitje i førarsetet når det kjem til å levere framtidsretta propulsjonsteknologi, og denne ordren skulle vere det fremste prov på nettopp det, seier Torleif Stokke, dagleg leiar i Servogear.
Hydrogen Viking blir av dei fyrste fartøya i verda som er drifta av hydrogen åleine og kjem til å liggje i tet når det kjem til toppfart. Fartøyet er eit pilotprosjekt for eigaren Green Yacht, og systemet er tiltenkt vidare kommersialisering både til nybygg og ombyggjingar i etterkant. Hydrogen i kombinasjon med batteri er allereie inkludert på mange teiknebrett og i mange planar, men Hydrogen Viking blir av dei fyrste som blir realisert.
- Når vi nå har valt leverandør av framdriftssystem, har vi lukka ein stor og viktig milepæl for prosjektet. Vi valde Servogear rett og slett på grunn av deira historikk og kompetanse innanfor framdriftssystem. Ein kompetanse vi allereie har fått god bruk for i detaljprosjekteringa av Hydrogen Viking. Vi er nå i rute med prosjektet og ser verkelig fram mot prøvetur og lansering, seier Christian Erichsen, prosjektleiar for Hydrogen Viking i Green Yacht AS.
Green Yacht er ein bergensbasert verksemd som blant anna har Greenstat, Prototech og Corvus på eigarsida.
- Det er særs positivt at vi kan nytte ein lokal leverandør av framdriftssystem når vi skal utvikle grøne energiløysingar til maritim sektor, seier Vegard Frihammer, dagleg leiar i Greenstat og styreleiar i Green Yacht.
Leveransen av framdriftsløysinga er satt til sumaren i år og alt ligg til rette for at det fyrste hurtigåande hydrogenfartøyet i verda kjem til å segla under norsk flagg.
- Det er noko å vere stolt over, smiler aktørane bak prosjektet.
(Tekst SMe tilpassa etter pressemelding. Foto Servogear)