Flexibridge med nye folk på brua

Etter å ha lege brakk nokre år er Flexibridge på ny er klar til å tilby sine produkt til den maritime marknaden.

Sveinung M  Pile I Flexi Bridge
Sveinung Pile

Sveinung Pile er tilsett som dagleg leiar og har alt starta jobben med å løfte selskapet fram att i lyset. Mykje av jobben har bestått i organisering av delelager og systematisering av produksjonsteikningar, men det har også vorte tid til litt kundekontakt.

- Allereie i fyrste samtalen med tidlegare kunde av Flexibridge fekk eg kjensla av at dette er eit selskap som er sakna av kundane. Historikken til selskapet er imponerande, og det å få ta leiing i dette nye kapittelet i Flexibridge si historie er ei oppgåve eg ser på med stor iver og godkjensle, seier Sveinung Pile.

Arbeidet med å gjenreise Flexibridge er godt i gong og allereie i august meldte selskapet sin ankomst på fiskerimessa Aqua-Nor i Trondheim. Tilstadeveringa her nytta selskapet til å knyta ny kontakt med tidlegare kundar og kjente av selskapet.

- Fiskerinæringa har vore, og kjem til å bli svært viktig for Flexibridge. Vi har tidlegare vore for hoffleverandør av bruløysingar å rekne til enkelte rederi, og det er utruleg motiverande å sjå kva mottaking vi har fått hos enkelte kundar etter å ha teke kontakt om nysatsinga. Sjølv om selskapet satsar friskt med nye folk ombord, har vi mange flotte referansar på blokka, seinast i 2020 leverte FlexiBridge ei moderne bruløysing til det som vart kåra til årets skip, nemleg brønnbåten «Ro-Vision», smiler Sveinung Pile.

Hausten skal elles nyttast til vidareutvikling av produktrekka samt lansering av spanande produktløysingar til nye og eksisterande kundar.

Om Flexibridge

Flexibridge har sitt opphav på Haugalandet der det i si tid vart stifta rundt år 2000 av tilsette i firmaet Hatteland. I 2004 vart firmaet kjøpt opp av selskapet Steinsvik. I seinare tid har ikkje selskapet drive noko form for aktivt sal og produkta har såleis berre vore levert til nokre trufaste kundar. Produktrekka består i hovudsak av arbeidsstasjonar og komplette bruløysingar for navigasjon, operasjon og kontroll på brua.

(Tekst tilpassa etter pressemelding. Foto Flexibridge)