Frå Equinor til Breeze Ship Design

Reinert Nordtveit går til skipskonsulentverksemda Breeze Ship Design og vert prosjektsjef fra fyrste januar 2022.

Reinert Nordtveit
Reinert Nordtveit. Foto Breeze Ship Design

Breeze Ship Design held til på Stord. Verksemda vart i oktober 2020 etablert av Ove Wilhelmsen og Tommy Hivand som begge kom frå Wärtsilä Ship Design. Selskapet har allereie passert 20 medarbeidarar og opplever ei lovande veskt grunna aukande oppdragsmengde innan planlagde nybygg og ikkje minst innan vedlikehaldsmarknaden for eksisterande flåte.

- Breeze Ship Design sit på verdas mest omfattande designportefølge gjennom avtalen som sikrar tilgang til kjende designnavn som Wärtsilä Ship Design, Vik-Sandvik, Skipskonsulent, Schiffko og Conan Wu & Associates, heiter det i ei pressemelding frå verksemda knytta til tilsetjinga av Nordtveit.

Reinert Nordtveit har jobba i Equinor sidan 2011 og har hatt fleire leiande stillingar innan Equinor Shipping. For tida jobber Nordtveit som portefølgesjef for nybyggingsaktiviteten der han leiar og følgjer opp alle tekniske aspekt for Equinor sine nybyggingsprosjekt innan tankbåtsegmentet frå forespørsel, via kontruksjon og byggjing og vidare inn i operasjonsdelen for skipa. Han har og i fleire år vore sjef for skipsteknologiavdelinga i Equinor, ei avdeling som sit på maritim kompetanse og gir teknisk support til shipping- og marineoperasjonane i konsernet.

- Eg har vore heldig som har jobba meir enn 20 år i ulike stillingar i den maritime industrien. Eg starta karrieren min som elektriker før eg vidareutdanna meg til mariningenør og tok ein mastergrad i skipsarkitektur ved universitetet i Strathclyde i Glasgow og fekk jobb i skipsdesignselskapet Vik-Sandvik på Fitjar i 2000. Etter det jobba eg nokre år som prosjektleiar i nybyggjings- og teknologiavdelinga i Teekay før eg starta i Equinor i 2011. Eg har alltid hatt ein lidenskap for teknologisk utvikling og innovasjon, og eg har vore veldig heldig som har fått lov å fokusera på dette i heile mi karriere. Breeze Ship Design er eit uavhengig konsulentselskap som fokuserer på å få fortgang i utviklinga av bærekraftige løysingar innan skipsdesign, og grunna den aukande trongen for å for å finna nye og miljøvennlege løysningar, føler eg at det er ei perfekt tid for meg å gå attende til å teikna skip, og dermed vera midt i utviklinga av den maritime framtida, sier Reinert Nordtveit.

- Med meir enn 20 års erfaring innan leiing og teknologiutvikling i den maritime industrien vil Reinert tilføra oss teknologikunnskap og kommersielt tankesett, og han tek med seg eit stort nettverk og kompetanse frå marknadsegment, slik som bøyelastarar og produkttankarar for transport av LNG og PNG. Dette vil vera av særleg verdi for prosjekt som driv det grøne skiftet innan handelsflåten. Reinert si primære rolle vil sjølvsagt vera å leia prosjektgjennomføringa vår, men me er overbeviste om at hans kompetanse vil verta avgjerande for vår utvikling innan tankskipsmarknaden og handelsflåten, seier Ove Wilhelmsen, CEO i Breeze Ship Design.