Nok ein maritim nyetablering i Kvinnherad

Nyleg meldte Flexibridge sin reintroduksjon i marknaden. No ser Nordic Fender dagslyset for fyrste gong.

Åsmund Lilleaas Salgssjef Nordic Fender
Åsmund Lilleaas

Mykje handler om Kvinnherad. I alle fall på den måten at både Flexibridge og Nordic Fender held til her, og på den måten at Fonna Vekst står bak.

- Fonna Vekst vart stifta sumaren 2021 av ei gruppe investorar frå Kvinnherad som har det til felles at dei ynskjer å skapa aktivitet i lokalsamfunnet basert på si lange erfaring frå maritim bransje, seier Åsmund Lilleaas som er tilsett som salssjef i Nordic Fender. Han har bakgrunn frå mellom anna Noreq og Palfinger Marine.

Men Nordic Fender så vel som Flexibridge ser langt utover Kvinnherad.

- Nordic Fender skal, med hovudkontor på Husnes i Vestland fylke, tilby kundar over heile verda høgkvalitetsprodukt innan skips- og havnefendring samt utstyr for overføring av flytande last mellom skip, herunder slangar, koplingar, tauverk og kjetting, føyer Lilleaas til.

Han trur på framtida.

- Eg er svært stolt over lanseringa vi no gjer. Nordic Fender kjem til å gjere seg merkbare i konkurransen som finnes på desse produkta i dag, og vi ser svært lyst på framtida innafor eit spanande segment. Vi skal tilby rask og god service og profesjonell rådgjeving til kundar over heile verda og er overtydd om at vi raskt skal få på plass ein god kundemasse globalt.

Fendermarkedet er kjenneteikna ved høg konkurranse og eit stort utval av leverandørar. Hovudproduktet til Nordic Fender vil vera pneumatiske fendera, testa og sertifisert i samsvar med ISO 17357-1:2014 krava.

- I tillegg til kvalitet vil selskapet kunne tilby ei leveringstid blant dei beste i klassen. Det, og nær dialog med kunden, meiner vi skal sikre oss ein god posisjon i eit relativt konkurranseprega forretningsområde. I tillegg til husneskontoret vil Nordic Fender etablere seg med kontor på strategiske lokasjonar i utlandet, seier Åsmund Lilleaas.

Photo Nordic Fender
Nordic Fender er ein nystarta aktør innan marine fenderløysingar. Ved hjelp av strategisk plasserte lagerlokasjonar og eit kjerneteam med lang erfaring satsar verksemda på å tiltrekkja seg ei stor kundegruppe.