Testa innovativ isbrytar i islagt farvann

Bifrost Tug har teke patent på ein ny isbrytar. Nyleg var tilhøva for ny testing optimale.

Isbryter 1
Illustrasjon klipt frå video på You Tube.

Bifrost Tug AS spring ut av Dåfjorden Slipp. Dei har gjennom fjoråret arbeidd med isbrytaren. Då siste kuldeperiode kom, baud det seg særs gode tilhøve for meir testing.

– Det gjekk bra, men no vil me byggje ein ny der alle forbetringar kjem med. Etterkvart har med fått mykje erfaring og tatt ny lærdom, sier Steinar Andersen.

Isbrytaren skal kunne produserast i ulike storleikar og monterast framfor baugen på kva som helst fartøy, for eksempel eit lasteskip som går i islagt farvann.

- Men me tenkjer mest isbrytaren brukt på ein forholdsvis liten taubåt som me sjølve har utvikla, sa Andersen då me sist var innom i Dåfjorden. Han la til at målsetjinga var å kunne brekke rundt 3 meter tykk is i 25 meter bredde.

– No opplev med at alt ligg til rette for at me skal lykkast, sier han i dag.

Du kan sjå siste uttesting her.

(Tekst SMe)