Eit annleis reisebrev frå Alaska: Det handlar om dei grøne løysingane

Jane Jünger og Cato Esperø frå Wärtsilä Norge tek oss med til ein stad der klimaendringane kjem raskare enn andre stader i verda.

Alaska6
Guvenøren i Alaska, Mike Dunleavy, i samtale med Jane Jünger, kommunikasjonssjef, og Cato Esperø, salssjef, båe frå Wärtsilä Norge.

Anchorage - Alaska

Det var guvenør Mike Dunleavy frå Alaska som i juni arrangerte staten sin første fornybare energikonferanse, der representantar frå lokal industri i Sunnhordland var invitert for å snakka om framtidas reine energi til skipsfarten og avsidesliggjande samfunn i Arktis.

- Noreg og Alaska har mykje til felles. Me er begge store energiprodusentar innan olje og gass, men også velsigna med enorme naturressursar som kan nyttas innan produksjonen av fornybar energi. For Alaska sin del gjeld dette både geotermisk energi, vann, vind og sol, sa guvenør Mike Dunleavy under opninga av konferansen i Anchorage, hovudstaden i Alaska.

Han meiner at Alaska har alle føresetnadar som skal til for å ta steget mot ei omfattande omleggjinga av eigen energiproduksjon. Konferasen såg framover mot ei omfattande skalering av fornybar energiproduksjon både i Arktis og USA. Saman med Bill Ritter, tidligare guvenør i Colorado, var Dunleavy tydeleg på at Alaska bør bli ein stabil leverandør av rein energi til heile det amerikanske kontinentet og såleis hjelpa på den globale ustabiliteten kring energiforsyning som krigen i Ukraina og Russland representerer.

- Openlys partipolitikk var overasskande fråverande på konferansen, til fordel for ein grøn agenda og ein stor vilje til å lytta til kva me her i Norge og resten av Europa driv med på dette feltet. Inntrykket ein sitt igjen med er at Alaska og resten av USA er ved eit vendepunkt, der dei no er særs opptekne av å utnytte sine mange kjelder til fornybar energi på ein systematisk og offensiv måte, seier Cato Esperø.

(reisebrevet fortset under biletet)

Alaska3
Guvenør Bill Ritter, tidlegara guvernør i Colorado, Jane Jünger og Cato Esperø.

Miljøutfordringer i Arktis

Arktis er i endring. Aktiviteten i området har auka kraftig på grunn av auka etterspørnad etter energi og råstoff samstundes som området er i ferd med å bli meir tilgjengeleg etter kvart som havisen smeltar og nye seglingsruter blir opna opp. Dette skaper utfordringar, men gir og nye høve til utvikling for regionen.

- Dess meir aktivitet i Arktis i form av auka skipstrafikk, ein omfattande vekst i turisme og press på stabile leveransar frå den eksisterande olje- og gassverksemda, desto viktigare blir det å finna gode løysingar for å ta vare på miljøet og reversera konsekvensane av klimaendringane i åra som kjem. Også staten Alaska står framfor raske og radikale endringar grunna klimakrisa, og treng at me i nordområda står saman om å finna løysingar på våre felles problem, seier Jane Jünger.

Representasjon på høgt nivå

Både den tidlegare amerikanske energiministeren og Texas-guvenør, Rick Perry, og tidlegare amerikansk utanriksminister og kongressmedlem, Mike Pompeo, var representert på konferansen. Båe tok dei opp temaet USA si trong for trygge energileveransar i åra som kjem.

- Dei var samd i at ei auka fornybar energiproduksjon i Alaska kan gjera USA meir sjølvforsynte med kraft og hadde også fokus på korlies Alaska kan nytta sine store førekomster av mineralar og høve til å etablera ny industri, fortel Jünger.

Konsekvensane av klimaendringane i Alaska og resten av Arktis er meir omfattande og kjem raskare enn i resten av verda. Forskarane har funne at temperaturen stig dobbelt så raskt i dette området, noko som fører til smelta is, permafrost og endra levevilkår for dei som er busett der.

- Me i Noreg er og ein del av Arktis, saman med Finland, Island, Sverige, Grønland, Færøyane, Russland, Canada og Alaska, slår Jane Jünger fast.

Samarbeid om grøne løysingar i nord

Samarbeidet i den Arktiske regionen har dei siste åra vore organisert gjennom Arktisk råd, etablert i 1996, der også Russland er representert, men er i dag sett på vent på grunn av Ukraina-konflikten. Felles målsettingar kring miljøvern og bærekraft har vore dei viktigaste sammarbeidsområda for nasjonane som grensar til kvarandre i Arktis så langt. Dei siste tre åra har Wärtsilä i Noreg, gjennom ZEEDS initiativet, Zero Emission Energy Distribution at Sea, vore engasjert i å gjera Svalbard til ein hub for grøn energi til områda lengst nord.

- Me har skissert ein grøn korridor frå Berlevåg i Finnmark til Longyearbyen og vidare til andre avsidesliggjande stader i Arktis der ein treng ei overgang til rein energi. Med ein grøn korridor meiner me produksjon og distribusjon av rein energi til brukarar i desse områdene, som skipfart eller avsidesliggjande kraftproduksjon, seier Esperø og legg til at mange av dei utfordringane me diskuterer her i Noreg er like for heile regionen.

- Me som lev her i nord treng å skapa felles løysingar for slik at innbyggjarane her kan få tilgang på rein energi og ei bærekraftig sikring av livsgrunnlaget sitt. Der har me i Noreg og industrien på Vestlandet ei viktig rolle å spela, avsluttar Cato Esperø.

Alaska11

(Tekst i samarbeid med Jane Jünger. Foto privat/Jane Jünger.)