- Å vere eller ikkje vere for Kleven

- Eg er uroa, men håpefull kring det som skjer rundt Kleven verftet for tida, seier økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten ved Norges Handelshøyskole (NHH) i Bergen.

Ola Grytten
Økonomiprofessor: Ola Honningdal Grytten (Foto: NHH)

Den kjende ålesundaren og økonomiprofessoren Ola Honningdal Grytten håper på vegner av den maritime klynga og innbyggjarane på Søre Sunnmøre at Kleven Verft får i hamn ei løysing.

– Alternativet til eit sal av verftet vil vere å leggje ned heile drifta, seier Honningdal Grytten til Vikebladet Vestposten.

Hurtigruten tok over 100 prosent av aksjane i Kleven Verft i fjor sommer. Med det var dei lokale eigarane, mellom anna Kleven-familien, ute av bildet.

– Det er eit tankekors at dei lokale eigarane er ute, sa Ola Honningdal Grytten den gongen, og sa samstundes at det var bra Myklebust Verft, som blei skilt ut av Kleven, framleis hadde lokale eigarar. Han sa også at han var usikker på Hurtigruten sine langsiktige intensjonar knytt til verftet.

Har framleis trua

No er NHH-professoren veldig spent på kva som vil bli utfallet av det Hurtigruten har varsla – eit forsøk på å selje Kleven Verft.

– Det høyrest ganske dramatisk ut det Hurtigruten seier egentlig. Det blir eit «å vere eller ikkje vere»-scenario for Kleven Verft, dette, seier Ola Honningdal Grytten.

I starten av juli sa nemleg dåverande administrerande direktør Olav Nakken og finansdirektør Ola Beinnes Fosse at det blir etablert eit nytt selskap, der dei tilsette, verftseigedomen og nye kontraktar inngår. Gamle forpliktingar følgjer ikkje med i «Nye Kleven». Den tanken står også den nytilsette administrerande direktøren Kjetil Bollestad for. Årsaka til dette er at Kleven Verft skal vere meir attraktiv for potensielle investorar.

– Det betyr nok ein gong at Kleven skal gjennom ei fullstendig omstrukturering. Dersom dette lukkast, og dersom ein finn ein ny eigar, så vil det vere lurt og bra. Men – i tilfelle det ikkje går bra – vel, då er det slutten for Kleven Verft, trur eg, seier Honningdal Grytten. Som fortel at det har vore ein heilt tydeleg frykt i bransjen lenge for at Kleven Verft skal bukke under.

– Samstundes vil eg understreke at eg framleis har trua på Kleven Verft. Eg har større tru på at verftet blir redda igjen, enn at det endar opp i ingenting. Eg kan heller ikkje tenkje meg at Hurtigruten vil forlate det heile utan å ha fått noko som helst igjen for det.

– Typisk norsk

Administrerande direktør Kjetil Bollestad sa i intervju med Vikebladet Vestposten nyleg at ein i tillegg til ferdigstillinga av MS Fridtjof Nansen, som er forventa klar rundt årsskiftet, ser etter mindre oppdrag, slik som stålarbeid og reparasjonsoppdrag.

– Det er jo typisk norsk verftsbransje at ein går frå skipsbygging til overhaling, reparasjon og liknande. Eg håper berre Kleven Verft ikkje misser skipsbyggarstatusen sin. Det må vere eit klinkande klart mål at det framleis skal byggast båtar der. Noko Bollestad for så vidt også har signalisert, seier Honningdal Grytten.

Han forstår kvifor Hurtigruten har gjort dei vala dei har gjort no.

– Å opprette eit nytt selskap, utan gamle forpliktingar, er jo ein lur måte å drive gjeldssanering på. Men det står att å sjå om ein klarer å få inn nye, langsiktige eigarar denne gongen, seier professoren.

Nederlandske Damen, tyske Mayer Werft og italienske Fincantieri er frå ulike hald nemnd som potensielle nye eigarar.

– Viktigast av alt er å få inn eigarar som skjønar verdien av lokal verdiskaping, og samfunnet rundt verftet, seier Ola Honningdal Grytten til slutt.

PS: Per i dag er det berre ekspedisjonsskipet MS Fridtjof Nansen som er under bygging ved Kleven Verft.