Intership seglar i medvind - rigga for vidare vekst

Brønnbåtreiarlaget Intership på Hareid opplever gode tider.

Ole Peder Brandal
Administrerande direktør og grunnleggjar av Intership, Ole Peter Brandal.

- Vi seglar verkeleg i medvind, seier administrerande direktør og grunnleggjar av Intership, Ole Peter Brandal (59) til Vikebladet Vestposten. Totalt i reiarlaget, inkludert dei seglande, er det 90 tilsette.

Ole Peter er ingen nykomar innanfor brønnbåt-segmentet. Går ein tilbake til 2004 blei han konsernsjef i Ålesund-baserte Sølvtrans, som i dag er verdas største brønnbåtreiarlag.

– På den tida var faktisk brønnbåt-segmentet skikkeleg lågstatus, og det var dårleg inntening. Men så tok oppgangen til, og den held framleis fram i dag. Brønnbåt er i dag høgstatus, seier Ole Peter Brandal, som fortel at innteninga til Sølvtrans blei femdobla på dei sju åra han styrte reiarlaget.

I 2014 gjekk han saman med Kjetil Opshaug, som var flåtesjef i Sølvtrans i Ole Peter si tid der, og Håvard Grøntvedt, som hadde hatt fleire leiande internasjonale stillingar i Mowi, tidlegare Marine Harvest. 1. april 2014 blei Ole Peter den første tilsette i Intership, og datoen blir difor rekna som starttidspunktet for brønnbåteventyret.

Ekstremt kapitalkrevjande

Brønnbåt var i 2014 framleis svært lønsamt (noko det også er i dag), og mange aktørar prøvde å kome seg inn i marknaden.

– Til og med ressurssterke oljereiarlag har prøvd det, men feila. Årsaka til det er nok ganske enkelt, relasjonar. Brønnbåtbransjen er veldig relasjonsdriven, og dei som gir oppdrag må kjenne aktørane personleg. Dette er ein svært kritisk service, og ein må vite at dei som får oppdraga er i stand til å handtere det dei er sett til å gjere – å setje dei rette båtane på dei rette oppgåvene, seier Ole Peter Brandal. Brønnbåtbransjen er ikkje berre, berre å hive seg inn i. Den er ekstremt kapitalkrevjande.

– Vi fekk med oss fleire lokale investorar, og leigde båtane i starten. Vi var ikkje på det tidspunktet i stand til å eige dei sjølv, og leigde dei i staden dyrt, og leigde dei ut enno dyrare.

Flaggskipet Inter Caledonia var på det tidspunktet eigd av fleire aktørar, der Ulsteinvik-baserte Sydvestor hadde fått i oppgåve å innhente kapital frå ulike hald. Sjølve eigde Intership knappe 20 prosent av båten, medan Ulsteinvik-baserte Skipsinvest var største eigar.

– I februar i år flagga vi kjøpsopsjonen, som var sett til tre år etter at båten var levert. Då kjøpte vi oss opp, og eig båten hundre prosent no, seier Brandal og legg til:

– Den måten å drive på som vi har gjort det, er veldig tung. Det er umogleg å skape seg ein «buffer», og ein har fullt teknisk ansvar for båten. Planen var uansett heile tida å byggje seg opp, sakte men sikkert, med investorane som støtta oss.

Leinefisk AS i Fosnavåg var største enkelteigar i Intership frå første dag og ein viktig samarbeidspartnar til dei selde seg ut i mai i fjor, fortel Ole Peter. Nemnde Sydvestor, med Jostein Sætrenes i spissen, har også vore medeigar i Intership AS og ein viktig samarbeidspartnar.

– Dei representerte eigarane i både Inter Caledonia, Roy Kristian og Christine i den perioden vi leigde båtane. Samarbeidet har heldt fram også etter at vi har kjøpt båtane, seier Ole Peter.

Blei kjøpt opp av britar

Investorane var også klare på at det måtte tyngre skyts til når det kom til eigarskap, med tida. Intership blei i november 2017 kontakta av eit engelsk Private equity-fond, Alchemy Special Opportunities, på norsk aktiv eigarkapital-fond, som ønskte å kjøpe reiarlaget.

– I desember 2017 skreiv vi under kjøpsavtalen. Handelen var etter ein seksmånaders selskapsgjennomgang (due diligence) gjennomført i mai 2018. Dei kjøpte 100 prosent av aksjane. Eg, Kjetil Opshaug og Håvard Grøntvedt selde våre 45 prosent av selskapet, men gjekk inn igjen i selskapet med 50 prosent av det vi fekk ut. Då sat vi att med i underkant av 30 prosent av aksjane, seier Ole Peter.

Har investert for over éin milliard

Etter oppkjøpet har Intership investert over éin milliard kroner, og totalt kjøpt seks brønnbåtar..

– Selskapet er noko utvatna no i form av aksjestruktur, men vi har ein avtale som gjer at vi får igjen ein stor del av det som blir skapt av verdiar. Det ein prosentvis kan lese ut av vårt eigarskap seier lite om kva som er den eigentlege posisjonen og interessa vår økonomisk sett, seier Ole Peter.

Etter at reiarlaget kjøpte båtane, og ikkje lenger leigde dei, fekk selskapet naturlegvis ein stor økonomisk opptur.

– I tillegg har vi no sikra oss to gode langtidskontraktar på Inter Nord og Lady Anne Marie. Vi er no i den situasjonen at vi har seks heileigde båtar, Inter Caledonia, Roy Christian, Victoria Viking, Dønnalaks, Inter Nord og Lady Anne Marie. Alle på langtidskontraktar. Det gir oss veldig god inntening. Når vi i tillegg har eigarar som er ekstremt villige til å investere meir pengar, så er det ein god situasjon. Vi er rigga for framtida, og for vidare ekspansjon, seier Ole Peter.

Intership har tre båtar på kontraktar i Canada, to i Skottland og ein i Norge. I tillegg snusar reiarlaget på arbeid utanfor den chilenske kysten, der selskapet også har tilsett ein eigen person for å sikre aktivitet der. Intership-direktøren legg heller ikkje skjul på at det kan vere aktuelt med nybygg dersom ein sikrar arbeid i Chile. Det er primært marknadane i Norge og Chile Intership trur veksten blir mest spanande å følgje med på.

– Det er spanande tider framover – utan tvil, seier Brandal avslutningsvis.