Om nye Kleven

Kleven Verft opprettar eit nytt selskap for å gjere verftet meir attraktivt anten for nye eigarar, eller for å gjere det mogleg å ta verftet vidare på eiga hand.

Olav Nakken
Olav Nakken, adm. dir ved Kleven.

OM NYE KLEVEN

Kleven Verft opprettar eit nytt selskap for å gjere verftet meir attraktivt anten for nye eigarar, eller for å gjere det mogleg å ta verftet vidare på eiga hand. På allmøtet på Kleven Verft førre veke vart det letta på sløret om ny struktur.

Administrerande direktør Olav Nakken sa at dei vil etablere eit nytt selskap, der dei tilsette, verftseigedomen og nye kontraktar inngår. Gamle forpliktingar følgjer ikkje med «Nye Kleven». Det er Vikebladet Vestposten som skriver dette.

Både Nakken og finansdirektør Ola Beinnes Fosse var førre veke klare på at dei dyktige og kompetente tilsette som selskapet har er noko av det viktigaste Kleven har for potensielle kjøparar.

Ser på ny verksemd

Kleven verft er på jakt etter nye oppdrag. MS Fridtjof Nansen skal leverast i løpet av året. Nakken kunne ikkje svare på kva verftet konkret skal arbeide med etter dette.

– Me ønskjer å sjå på ny verksemd, og eg tenkjer ikkje på å byggjer bruer og sånn. Men me ønskjer jo å sjå på annan verksemd som er attraktivt å gjere på verftet her, sa Nakken.

– Det me må vere merksame på er å gå inn på kontraktar som gir ein relativt liten risiko. Det vil me safe på, sa han. Dette er kontraktar dei kanskje ikkje tener så mykje på, men dei skal heller ikkje tape.

Bygde før designen var moden

Olav Nakken var særs stolt over MS Roald Amundsen, både det ferdige skipet og prosessen med å byggje det.

– Kan du seie noko meir om prosessen rundt bygginga av Roald Amundsen? Du rosar dei tilsette, dei har stått på og jobba, men det vart jo forseinka fleire gonger, kva gjekk gale?

– Det var ein periode for eit år sidan då dei måtte byggje om ganske mykje av det som var bygt, fordi designen var ikkje moden då dei byrja å byggje. Då byggjer ein jo inn feil, då. Så der hadde me ei utfordring, svara Nakken.

Han forklarte at dei måtte gjere om ein del av det dei alt hadde gjort. Slike ting som at røyra i taket krasja med lysarmaturen som ingen visste at skulle vere akkurat der, og liknande utfordringar.

– Det er relativt enkle ting, men som sagt engineeringen, eller designen, var ikkje modent nok når ein byrja å byggje og då vart det ein forseinkande prosess å rette opp. Og fordyrande, sa han.

Runde to gjekk på interiørarbeidet, med selskap som er i ferd med å gå tom for innkjøpskraft. – Og når det kjem til overflata så har me mist litt tid allereie. Så var det å flytte inn i den problemstillinga der og overta, slik som me gjorde. Det rammar enkelt på slutten, forklarte Nakken.

Arbeidet med MS Fridtjof Nansen spår han vil gå langt lettare. Båten er veldig fin, og det er gjort fint handverk. Det er langt lettare å byggje båt nummer to.

– Den berre følgjer i kjølvatnet av den første, kommenterte Nakken.

Kleven har ein intensjonsavtale med Hurtigruten om å byggje ein tredje slik båt, men om verftet skal byggje denne båten, det sa Nakken at avisa får spørje Hurtigruten om.