Skipsbyggingsbransjen er delt i to

- Norske styresmakter fører ein politikk som stimulerer norske reiarar til å bygge i utlandet.

Asle Strønen
Administrerande direktør Asle B. Strønen i Norske Skipsverft

Norske skipsverft går i pluss - når dei store verfta ikkje blir rekna med. Verfta har lågaste ordreinngang sidan 2009, skriver nett.no.

Til saman 2,5 milliardar kroner i minus for Vard Group, Ulstein Verft og Havyard Ship Technology gjer at norsk skipsbyggingsbransje for femte år på rad går med underskot. Men det er ein bransje som er delt i to, der dei mindre og mellomstore verfta samla sett går i pluss har gjort det best sidan 2014.

Bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri si oversikt viser ein ordrereserve på 30,2 milliardar kroner fordelt på 37 fartøy pr. midten av august og ein ordreinngang på 5,1 milliardar kroner så langt i 2020. Utan nye ordrar blir 2020 året med den lågaste ordreinngangen sidan 2009.

Administrerande direktør Asle B. Strønen meiner norske styresmakter fører ein politikk som stimulerer norske reiarar til å bygge i utlandet. - Vi kan ikkje lenger sitte stille i båten og sjå på at den ellers så gode staten vår skreddarsyr ordningar som er til ugunst for for norsk skipsbyggingsindustri. Vi vil at støtten skal bli gitt på vilkår av at skipa blir bygde i Noreg og meiner det er eit krav som ikkje vil vere i strid med internasjonalt regelverk, seier han til nett.no.

Les hele artikkelen i nett.no her