​Fleire teikn til at motvinden snur

Om ein leitar litt, er det fult mogleg å finne grunnar til å tru at den maritime klynga kan sjå lyst på framtida allereie til hausten, skriver NETT.NO.

Lars Gørvell Dahll
Maritim bransjesjef Lars Gørvell-Dahll i Norsk Industri.

Dei fleste verfta har framleis arbeid, men ordrebøkene blir stadig meir slunkne. Samtidig blir nybygga dei no har inne, påført ekstrautgifter som følgje av smitteverntiltak. For leverandørane har dei same smitteverntiltaka, saman med reiserestriksjonar, ført til forseinkingar og ekstrautgifter.

Maritim bransjesjef Lars Gørvell-Dahll i Norsk Industri ser fleire lyspunkt:

- Noko av det avgjerande er at ingen cruisekontraktar er kansellert. Og når verdssamfunnet opnar opp for reising att, vil truleg mindre cruiseskip vere blant dei mest attraktive. Det er ein fordel for norske verft, som har satsa i den marknaden, seier Gørvell-Dahll til NETT.NO.

Det andre som gjer at Gørvell-Dahll ser lysare på framtida enn på lenge, er at vaksineringa har skote fart. Han påpeikar at dei eksportretta maritime næringane er avhengige av at verdsmarknadene opnar opp att.

Ein meir langsiktig konsekvens av pandemien, som Lars Gørvell-Dahll meiner kan vere positiv for den maritime industrien, er at behovet for auka nasjonal beredskap gir meir aksept for å «tenk norsk». Han trur både reiarlag og staten vil ha meir fokus på at skip og utstyr skal vere kjøpt nasjonalt, og kan drivast utan å vere avhengig av andre land.

– Spesielt ved statlege innkjøp bør beredskap vere eitt av kriteria det leggast vekt på, meiner han.