Nok å gjere ved Vard-verfta

Nye skrog er under bygging for alle Vard-verfta, men konsernet jaktar nye oppdrag for å fylle holrom og unngå permitteringar.

Vard Langsten
Vard Langsten i Tomrefjord i Vestnes kommune.

– Det er plass til fleire oppdrag ved alle verfta våre, og det blir jobba for å få inn ombyggingar, eller reparasjonar i perioder då det vil vere litt rolegare, fortel kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard til NETT NO.

Det neste store oppdraget ved Vard Langsten etter at arbeidet med eit ekspedisjonscruiseskip tyske Hapag-Lloyd Cruises er ferdig, vil vere det første kystvaktskipet. Det første skroget er under bygging i Romania, og er venta til Vard Langsten i slutten av august.

Det første kystvaktskipet skal bli levert frå Langsten i midten av 2022. Deretter skal skip nummer to vere ferdig i første kvartal 2023 og skip nummer tre i første kvartal 2024.

Ved Søviknes-verftet held dei på med eit 150 meter langt cruiseskip som er mellom dei dyraste skipa Vard har bygd. Dette verftet har to store ekspedisjonscruisefartøy til Viking i ordreboka.

Ved Vard Brattvaag er arbeidarane i full sving med eit 172 meter lang spesialskip til Prysmian Group. Verftet vil få sitt neste nybygg, ein trålar til Nergård, til kai etter ferien.

– Både ved Søviknes og Brattvåg er det venta inn nye skrog til verfta i løpet av sommaren. Det kan sjå ut til å bli ei rolegare periode i vår og fram til nybygga kjem, så også her jobbar ein for å få inn reparasjonsoppdrag. Ein kan ikkje sjå vekk at det kan bli periodar med permitteringar på verfta framover, fortel kommunikasjonssjef Akselvoll til nett.no.

Les hele saken i NETT.NO her.