SHOK Partner trur på lokal vekst

SHOK Partner satsa stort då dei lokale verfta sikra seg store kontraktar for nokre år tilbake. No ser dei mot land for å utvide kundegrunnlaget.

2021 04 26 Hauge Og Molvær Shok
Curt-Åge Hauge og Geir Ove Molvær har tru på vekst for verksemda SHOK Partner. FOTO: GEIR EGIL EIKSUND, Vestlandsnytt.

SHOK Partner leverer løysingar og utstyr for bysser og messer, men også vaskeri og avfallshandtering for skip. I mars kom nyhenda om at dei også skal levere storkjøken til Rosenlund Hamn. Og med det tek bedrifta sine første steg på land. Men hovudfokuset ligg framleis på maritime verksemder.

- Vi har som mål å utvide til å også levere landbaserte løysingar, mellom anna for å auke det lokale kundegrunnlaget, seier Curt-Åge Hauge, dagleg leiar og eigar i SHOK Partner til Vestlandsnytt.

- Det er nok eit resultat av pandemien. At vi må ha fleire bein å stå på, men vi har framleis stor tru på samarbeid med dei lokale verfta. Slik sett ligg vi veldig godt til her i Dragsund på grensa mellom Ulstein og Herøy, fortel Hauge.

SHOK Partner vart starta opp av Curt-Åge Hauge og Rune-Kjetil Skogen tilbake i 2016.

Med kundar både i Noreg og i utlandet, har selskapet stor tru på vidare vekst.

Les hele artikkelen i Vestlandsnytt her.

Les mer om SHOK Partner her.