KORT NYTT uke 48

Skipstunnel er med i budsjettet, HAV Group: Venter vekst etter usikre tider og Island Offshore har dobla ordreboka på eitt år.

Skipstunnel er med i budsjettet

Forliket om neste års statsbudsjett mellom regjeringspartia og SV tysdag inneheld fleire gode nyheiter sett frå Nordvestlandet, skriver nett.no.

Dei 76 millionar kronene som er inne til Stad skipstunnel er truleg mellom detaljane som vil skape merk glede i regionen. Som kjent ønska SV å fjerne løyvingane for neste år til samferdselsprosjektet.

Tilskottet til Atlanterhavsparken i Ålesund var også foreslått kutta i forslaget regjeringa la fram tidlegare i år – og ein ny pott er ikkje med i endringsavtalen.

Ikkje uventa kjem det motstridande reaksjonar på SVs store klimagjennomslag: 26. konsesjonsrunde blir utsett ut denne stortingsperioden.

Offshore Norge er bekymra for manglande leiteareal.

– Næringa treng føreseielegheit gjennom rammevilkår og tildeling av areal som kan sikre sysselsetjing i Noreg og levere påliteleg energi til Europa, seier administrerande direktør Hildegunn T. Blindheim.

Ho ber Stortinget sørgje for at rammevilkåra ikkje svekkjer konkurransekrafta, men bidreg til aktivitet, lønnsam produksjon og verdiskaping.

– Produksjonen på norsk sokkel vil reduserast mykje framover, derfor er det behov for å leite etter olje og gass for å hindre ein for bratt nedgang. Då er det viktig at det blir gjort tilgjengeleg attraktivt areal, påpeikar ho.

Les meir i nett.no


HAV Group: Venter vekst etter usikre tider

Prosjekterer blir utsatt og markedet er usikkert, men HAV Group ASA har fortsatt tro på at bærekraftige løsninger innen skipsbygging skal gi vekst på lengre sikt.

HAV Group ASA rapporterte driftsinntekter på 136,6 millioner i tredje kvartal 2022.

Dette er opp fra 80,6 millioner i samme kvartal i fjor og kommer som en følge av selskapets prosjektbaserte forretningsmodell. Driftsresultat var på 0,8 millioner, melder konsernet onsdag.

– Vi leverte tilfredsstillende driftsinntekter i tredje kvartal 2022, hvor vi fortsatte å investere i kompetanse og kapasitet for å utnytte den ventede veksten i bærekraft- og energiomstillingen i den maritime næringen, sier Gunnar Larsen, administrerende direktør i HAV Group til Sunnmørsposten.

– Flere viktige anbud i markedet skal tildeles de neste månedene, noe som vil være viktig for kapasitetsutnyttelsen i 2023.

Til tross for kortsiktig usikkerhet, ventes etterspørselen etter bærekraftige løsninger i skipsbyggingsmarkedet å gi gode vekstmuligheter.

HAV Group gjentar i rapporten for 3. kvartal at det forventer driftsinntekter på 1,3 milliarder i 2025.

De har forventninger til at den maritime næringen vil redusere sitt miljøavtrykk. Dette ut fra globale megatrender med ambisiøse mål og stadig strengere miljøkrav. Og konsernet er ifølge meldinga godt posisjonert med teknologi og produkter innen digitalisering og bærekraft for å bidra til det grønne skiftet i maritim og marin industri.

– På kort sikt er markeds- og selskapsutviklingen preget av en generell usikkerhet og utsettelse av prosjekter, mens de samlede utsiktene forblir gode, sier Larsen.

Les mer i Sunnmørsposten


Island Offshore har dobla ordreboka på eitt år

Vintersesongen innanfor offshoremarknaden er som alltid prega av mindre arbeid, men flåteutnyttinga reiarlaget Island Offshore er god. Ordreboka til reiarlaget er dobla på eitt år.

Det fortel Tommy Walaunet, administrerande direktør i Island Offshore til Vikebladet.

–Vi har jobba tett med kreditorane våre for å finne gode løysingar for å betena gjelda vår. No er vi ikkje heilt i mål enno, men vi har ein bra plattform å byggje vidare på – og vi har eit sterkt fokus på å vidare redusere gjelda vår, seier Tommy Walaunet.

Dei ulike Island Offshore-selskapa har no ei samla gjeld på rundt fem milliardar kroner. – Vi har betalt ned rundt éin milliard kroner berre det siste året. Det er eit godt signal å gi overfor långjevarane kreditorane våre, og det viser også at det kan skapast verdiar.

Det er som alltid mindre aktivitet på havet i vintermånadane – men om ein samanliknar marknaden denne vinteren med korleis det har vore dei siste åra – er situasjonen ein ganske annan.

– Men, det er framleis ein del svingingar, noko vi helst vil redusere framover. Det blir nok forsterka av at vi er eit veldig Nordsjø-tungt reiarlag, og med det meir eksponert for dårleg vêr og opphald i operasjonar. Vi har blitt meir globale, men desse svingingane i aktivitet pregar oss fortsatt

Island Offshore har i skrivande stund alle dei 21 båtane dei driftar i arbeid. Reiarlaget har også lukkast med å signere fleire, lengre kontraktar i år. Offshoremarknaden har blitt såpass friskmeld igjen etter mange års nedtur at enkelte aktørar byrjar å sjå på moglegheita for å kontrahere nye båtar.

– Ja, utsiktene er gode dei nærmaste åra – og det blir truleg underskot av fartøy i fleire segment. Men ein veit ikkje så mykje meir enn det ein ser kan skje dei nærmaste åra. Det er ein betydeleg risiko lenger ut i tid.

– Kvar er framsteget? Skal vi gjere noko nytt no, så må det vere eit betydeleg framsteg i det, ikkje minst teknologisk, men spesielt i høve utsleppsreduksjonar. Det er mange spanande typar drivstoff under utvikling no, men ein må vere realistiske i høve til når dette kan vere tilgjengeleg og kvar. Forlét ein norskekysten, er det framleis lite anna enn diesel som er tilgjengeleg i hamner verda over. Slik vil det vere ganske lenge. Det er med andre ord mange ting å tenkje på når det gjeld nybygg, seier Tommy Walaunet, administrerande direktør i Island Offshore

Les meir i Vikebladet.


Flere nyheter