Avvisar forlenging av støtteordning for hybridisering

Maritimt Forum har meint at støtteordninga i Enova for elektrifisering av den norske offshoreflåten må forlengjast. Til det beste for miljø, rederier og verft. Espen Barth Eide lar seg ikkje rikke.

Espen Barth Eide
Arkivfoto: Espen Barth Eide på talarstolen under Haugesundkonferansen.

Før jul fekk klima- og miljøministeren spørsmål om saken frå stortingsrepresentant Birgit Oline Kjerstad (SV). Ho spurde statsråden om viljen til å forlengja:

- For å nå nasjonale mål om utsleppskutt, hastar det med å gjennomføre kutt i klimagassar frå båttrafikk. Vil statsråden sikre at hybridiseringsprosjekta som offshorerederia allereie har fått tilsagn om gjennom Enova kan bli gjennomført, ved at fristane for ferdigstilling blir utsett og gjort gjeldande ut 2022?

Ho la ved ei utførleg grunngjeving der ho mellom anna skriv at…, «Utan batteristøtte frå Enova vil hybridisering av den norske offshoreflåten imidlertid stoppe opp, fordi rederia ikkje greier å bere kostnadane ålene.» Dernest viste Kjerstad og til at pandemien har gjort det vanskeleg å nå frister satt av Enova i ein overgangsperiode for innvilging av støtte frå den opphavelege ordninga.

I svaret sitt til Birgit Oline Kjerstad skriv Espen Barth Eide mellom anna at…, «Støtte frå Enova skal ikkje vere ein langvarig subsidie, men bidra til varige marknadsendringar slik at klimavennlege løysingar på sikt blir foretrukne utan støtte.» Det tyder at han ikkje støttar ei forlenging. Barth Eide gjev også frå si side ei utførleg grunngjeving for sitt syn.

Les heile saka her.