Ho er og oppteken av avklaring kva gjeld tildelingsregime for Utsira Nord. Etter regjeringa si annonsering den 9. februar av ein storstilt havvindsatsing, oppstod det uvisse rundt om ein vil leggje opp til auksjon eller tildeling etter kvalitative kriterier på Utsira Nord.
- Vi ber om ei tidslinje som reflekterer fleire forhold. Det viktige er at regjeringa kan vise korleis ein skal nå ambisjonane den har meldt. Tempo er no viktig for ikkje å tape fart i dette kappløpet. Vi risikerer å tape industrisatsinga mot land med større ambisjonar enn Noreg, seier Eskeland.
Ho utfordrar olje- og energiminister Marte Mjøs Persen med spørsmål i Stortinget. Følg saka her.
(Tekst og foto SMe)