Sivil-militært samarbeid til sjøs

Til dagleg er «Stril Mar» eit sivilt forsyningsskip, men under øving Trident Juncture tenestegjer det for Forsvaret og NATO

Stril Mar 01
«Stril Mar» bidrar under øving Trident Juncture. Foto: Simon Møkster Shipping

Forsyningsbåten «Stril Mar» frå Simon Møkster Shipping er no teken ut av dagleg drift og er ein del av øving Trident Juncture. I tillegg til det sivile mannskapet har båten med seg militære mannskap frå MARCSS (Maritime Combat Service Support) som skal bruke fartøyet som plattform for lett vedlikehald og etterforsyning av drivstoff og logistikkstøtte.

God effekt til no
Dette sivil-militære konseptet blir kalla STUFT (ship taken up for trade). Konseptet inneber at ein tar eit sivilt skip ut av vanleg drift, slik at det kan brukast til å støtte militære avdelingar til havs.

– At vi får testa ut denne kapasiteten under Trident Juncture, gjer Forsvaret enda betre i stand til å støtte fartøy som er ute i operasjonar. Samstundes får vi testa beredskap og sivilsamfunnets evne og vilje til støtte Forsvaret i ramma av totalforsvaret, seier sjef for MARCSS, kommandørkaptein Frode Staurset og legg til:

– Dette er viktig å merkje seg at dette er eit testprosjekt som vi skal evaluere i ettertid. Men så langt ser det ut til å gi god effekt.

Testar totalforsvaret
Eit sivilt-militært samarbeid som dette gjer at Noreg får prøvd ut totalforsvarsberedskapen sin.

– Særleg å øve og trene i operative situasjonar der vi kan dra nytte av synergiar mellom sivile og militære ressursar for å nå eit felles mål, seier Staurset.

«Stril Mar» har ein storleik og kapasitet som gjer det eigna til å støtte Marinens operative einingar. Fartøyet er bygd for å kunne bidra med etterforsyning av til dømes oljeplattformer. Det har òg redningskapasitetar og er lagd for å kunne ligge heilt i ro, uansett vêr og vind.

Sparar viktig tid
I Namsos blir fartøyet lasta med konteinarar, materiell og personell frå Forsvaret.

– Når vi har dette parat ute i operasjonsområdet, sparar vi verdifull transitt-tid ved at vi ikkje treng å gå til kai for å få reparert feil som oppstår, seier Staurset.

Fartøya kan også få etterforsynt drivstoff frå «Stril Mar» ute i operasjonsområdet.

– Med den lange kysten vår er vi heilt avhengige av å ha maritim logistikk på kjøl, samstundes som vi driv logistikk frå land. Dette gir gode synergieffektar opp mot sivilsamfunnet. Hovudmålet vårt er å halde kampavdelingane våre til havs operative lengst mogleg, seier han.

Kilde: Forsvaret.no