Regjeringa lanserer "Langskip" for fangst og lagring av CO2 i Noreg

– Vi gler oss over satsinga, seier Fride Solbakken i Maritimt Forum for Stavangerregionen. – CO2 fangst og lagring har vore og er viktig i den politiske plattforma vår, legg ho til.

Tina Bru Og Sveinung Rotevatn
Olje og energiminister Tina Bru og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn på dagens pressekonferanse. Foto: Eirin Larsen/Statsministerens kontor.

Regjeringa har i dag lagt fram ei melding til Stortinget om korleis dei vil støtte gjennomføring av fangst, transport og lagring av CO2 i Noreg. Prosjektet har fått namnet "Langskip".

– Langskip er ein milepæl i industri- og klimasatsinga til regjeringa. Prosjektet vil kutte utslepp og legge til rette for ny teknologi og dermed nye jobbar, seier statsminister Erna Solberg.

Langskip omfattar mellom anna støtte til transport- og lagringsprosjektet Northern Lights, eit samarbeid mellom Equinor, Shell og Total. Northern Lights skal frakte flytande CO2 med skip frå fangstanlegga til ein mottaksterminal i Øygarden i Vestland. Derifrå vil CO2 bli pumpa gjennom røyr til eit lager under havbotnen.

– Me meiner regjeringa no tek eit avgjerande skritt på vegen mot nullutslipp, seier Solbakken.

Les heile pressemeldinga frå regjeringa her.