Eg håper fleire vel maritim utdanning

Akkurat no sit det mange som lurer på kva slags utdanning dei skal velja om nokre veker. Til alle som er usikre, tilrår eg å sjekka ut maritim utdanning, skriv Erlend Norheim (16) frå Sjernarøy, i eit debattinnlegg i Stavanger Aftenblad

Erlend Norheim

Som følgje av pandemien, har ungdom færre sosiale møtepunkt der skuleval blir diskutert. Eg trur difor at det er viktigare enn nokon gong at me som trivst med utdanninga vår, spreier info om ho for å inspirere dei som om nokre veker skal velje dette.

Akkurat no sit det mange som lurer på kva slags utdanning dei skal velja om nokre veker. Til alle som er usikre, tilrår eg å sjekka ut maritim utdanning. Maritim utdanning gjev dei ei allsidig utdanning, som er bra fordi skipsfarten, til dømes, er den største og viktigaste globale transportforma mellom kontinenta, og behovet for fraktekapasitet på sjøen veks kraftig.

Heile verda
Det beste med ei maritim utdanning er at du kan bruke utdanninga med «heile verda» som arena. Sjølv går eg no TIP på Skoleskipet Gann. Eg har sidan barnehagen vore fast bestemt på at eg ynskjer ein karriere til sjøs. Eg er engasjert i utviklinga av ulike fartøy, og me kan berre dei siste åra sjå ei veldig spennande utvikling her. Eg ynskjer sjølv å jobbe som kaptein på eit framtidsretta, hurtiggåande passasjerfartøy.

Det kulaste med Skoleskipet Gann er alle opplevingane, erfaringane og praksisen ein får, med tanke på at M/S Gann er det viktigaste pedagogiske verkemiddelet til skulen. Eg meiner at dette grunnlaget gjev den fremste faglege utdanninga til ei framtid innan maritim verksemd.

Vil trenga mange folk
71 prosent av jordas overflate er dekt av vatn, og eg trur med det at mykje av jobbane i framtida kjem til å finne stad innanfor maritim sektor. Eg er sikker på at bransjen vår kjem til å trenga mange folk i åra framover, og det er eit breitt spekter av ting du kan jobba med. Anten du vil jobba på sjøen, eller på land. Me kan i alle fall lova dei som søkjer eit sosialt og inkluderande miljø!

Se innlegget i Stavanger Aftenblad