Val 2021: Om kvalfangst, vanlege folk, havvind og makt

Kva har kvalfangst med havvind å gjere? Eller kva har vanlege folk med maktutøving å gjere? SV sin førstekandidat er barnebarn av ein kvalfangar og vil vere folket si stemme på Stortinget.

Ingrid Fiskaa 1

Ingrid Fiskaa bur i ein av Rogaland sine få innlandskommunar. Det er Time kommune. Der er gardar, men ikkje sjøhus. Ho føler likevel nærleik til sjøen. Den er ikkje langt borte. Og kjem ho inn på Stortinget, vil ho gjerne ha plass i anten Energi- og miljøkomiteen eller Næringskomiteen. Då blir det mykje maritim politikk. Ikkje tvil om det.

Kvalfangst og kvalbiff
Så var det dette med kvalfangsten då. Kvar kjem den inn? Jau, me har spurt ho om kva som bind ho til det maritime, til sjøen.

– Noko av det første eg då kjem på, er farfaren min. Han var frå Sunnmøre og har drive med kvalfangst. Og tru det eller ei. Eg åt faktisk kvalbiff i går. Det var kjempegodt, smiler førstekandidaten.

Så har ho som så mange andre norske, utvandrarar i slekta. Dei drog over havet for å søkje lukka i Amerika.

Vanlege folk og makta
Ingrid Fiskaa har god sjanse til å komme inn på Stortinget til hausten med dei meiningsmålingane SV har no. Då skal vanlege folk få ei stemme der makta sit. I alle fall seier ho dette sjølv. Ho kjenner på at det er mykje uro blant folk for tida. Fordi dei ikkje blir høyrde. Dette gjer seg ymse utslag. Ho vil gjerne vere ein katalysator for misnøya. Når ho seier dette, kjem me på å ha lese kva ho skreiv om i masteroppgåva si i historie. Den handlar om opprøraren Christian Lofthus på slutten av 1700-talet. Fleire tusen småkårsfolk i Agder og Telemark flokka seg bak han i ei reising mot maktmisbruk frå embetsmenn og anna storfolk.

– Christian Lofthus var både småbonde og skipper, men me høyrer for det meste om bønder når det er tale om Lofthusopprøret. Kvifor?

– Det er vel fordi norsk historie ofte har dreid seg om bøndene, mens kystfolket er blitt gløymde. Det synest eg ikkje noko om. Havet har alltid vore, er og vil alltid vere av stor verd for Noreg. Om me ser på dette i dag, er eg ikkje i tvil om at maritim næring har eit stort potensiale for berekraftig verdiskaping og eksport, svarar Fiskaa.

Havvind
SV sitt landsmøte sa nei til vindkraft på land og nær kysten.

- På havet vil me satse på flytande havvind, innanfor klare rammer der fiskeri og naturverdiar skal ha forrang. Eg ser dette som ei industrimoglegheit, men berre dersom me lærer av fiaskoen med vindkraft på land, seier Ingrid Fiskaa.

Og med omgrepet «fiskeri» tenker ho nok ikkje mest på kvalfangsten. La det stå som eit understatement.

– Tyder dette at du har forståing for at den maritime leverandørindustrien treng eit heimemarked for å ta ein global posisjon innanfor havvind?

– Ja, det vil eg seie. Me har utvikla teknologi og høg kompetanse innanfor olje og gass som kan nyttast til å byggje ein havvindindustri, avsluttar førstekandidaten.

Ingrid Fiskaa Alle

Intervjuarar: Fride Solbakken og Sverre Meling jr.