Ein million tilkoplingar
Dette er Zinus i tal. Ladeløysingverksemda på Rubbestadneset har lagt til rette for ein million ladetilkoplingar i hamn sidan oppstart i 2018.
Ingen over, ingen ved sida. Zinus er aleine i Noreg med sine ladeløysingar for skip i hamn. På verdsbasis har dei nokre få konkurrentar. Sals- og markedsføringssjef Bjørn Sturle Hillestad fortalde Bømlakonferansen om utviklinga frå oppstart til i dag.
- Denne millionen tilkoplingar mellom skip og straumnett er gjort med 442 av våre einingar plassert i hamner over heile verda, sa Bjørn Sturle Hillestad då han presenterte Zinus for eit heimepublikum i Bømlo kulturhus under Bømlakonferansen.
Det byrja eigentleg i 2015 då LOS Elektro fekk ei utfordring med å få straum ombord i eit skip i Bergen. Tre år etter blei Zinus grunnlagt med tre tilsette. Deretter er fleire kome inn på eigarsida utover LOS. DSD og Eviny Ventures kom inn i 2020. Nysnø og EPS Ventures i 2024, og Hartree i 2026.
- Då eg byrja for eit par år sidan var me rundt 40. I dag er med 81 tilsette, sa Hillestad.
I fjor kom omsetnaden opp i 230 millionar kroner. Dette året etablerte Zinus seg og med kontorer i Italia og USA. Dei har seld ladeløysingane sine til ikkje mindre enn 19 land, alt med utgangspunkt på Rubbestadneset.
- Eg er rett nok sjølv frå Halsnøy, men dess meir kan eg bli trudd på at eg er djupt imponert over innovasjons- og skaperkrafta her på Bømlo, sa Bjørn Sturle Hillestad.
(Tekst og foto SMe)

