Fullasta med historie

Hardangerjakta Mathilde har vitja Haugesund i nokre dagar før ho la ut på nytt seilas. Ikkje berre er fartøyet historisk, men det er og årstalet ho vart bygd.

Mathilde i Smedasundet.

Det var Ola H. Nerhus i Ølve som bygde Mathilde i 1884. Rundt 1900 reknar ein med at det var ikkje mindre enn 2500 slike fartøy i bruk langs norskekysten. Jaktene var ei særs viktig inntektskjelde for hardingane.

Hundre år etter at Mathilde vart bygd, blei ho teken hand om av Torbjørn Kaarbø, grunnleggjaren av Hardanger fartøyvernsenter. Jakta vart restaurert frå 1984 til 1989.

1884 var eit spesielt år ikkje berre i Ølve då folket kunne sjå Mathilde ferdig for seilas. På Island under islandsfisket mista haugesundarane i september dette året mange skip då ein orkan brått kom inn fjorden ved Eyjafjørdur. Mellom anna mista skipsreiar R. G. Hagland briggen sin “Norden”, men heile bysamfunnet vart hardt råka økonomisk. For Hagland vart det slutten på reiarlagsverksemda. Han gjekk vidare kun med skipsmekling og ikkje før nøyaktig hundre år etter, i 1984, tok noverande Hagland opp att reiarlagsverksemda med reiarlaget Hagland Shipping.

Då Mathilde vitja Haugesund, låg ho ved kai like utanfor Hagland sitt kontorbygg på Indre kai.

Så er det sjøvsagt slik at 1884 markerte enden på ein årelang politisk strid i Noreg då parlamentarismen i praksis vart ein del av statsskikken.

Mathilde nyttast i dag til leirskuler for born og til turar for ulike grupper. Ho er eigd av Hardanger fartøyvernsenter.

Mathilde på veg ut av Smedasundet.

(Tekst og foto SMe. Kjelder Hardanger fartøyvernsenter, Reidar Østensjø sin byhistorie, Haugesund 1835 til 1895, og Bjarne Aagaard Strøm sin historie om R. G. Hagland frå 1997.

Forrige
Forrige

Viking Reach selges

Neste
Neste

Reach Subsea skrev historie sammen med Aker BP