Inviterer til stort kunnskapsmøte om skipstunnelen
Foto: Kystverket KYT-02865
Når slaget om Stad nærmar seg, bør avgjersla for skipstunnelen kvile på mest mogleg kunnskap om prosjektet. I ei sak med store konsekvensar – for tryggleiken og næringslivet i kystnasjonen Norge – er dette heilt avgjerande.
Innsatsgruppa for Stad skipstunnel, der Maritimt Forum Nordvest har engasjert seg, arrangerer difor eit eige kunnskapsmøte om Stad skipstunnel på Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund den 2. februar.
“Når saka kjem til behandling på Stortinget, er det for seint å setje seg inn i detaljane. Difor er dette møtet viktig no. Vår klare oppmoding til alle politikarar, lokalt og nasjonalt er, kom og få fagleg påfyll før de bestemmer dykk!.”
Viktig tidspunkt
Programmet - og dagen, tar for seg dei mest sentrale spørsmåla knytt til Stad: flaskehalsar i maritim infrastruktur, konsekvensar for regularitet og trygg ferdsel, ringverknader for næringsliv og sjøtransport – og ikkje minst status på sjølve prosjektet.
Foto: Jørn H. Moen
“Det er mange meininger om Stad skipstunnel. Difor håper eg dei som har meint og skal meine noko om framtida for dette samferdselsprosjektet grip denne sjansen til å få større innsikt.
Dette er eit nyskapande prosjekt som betyr mykje for heile kysten vår. På kunnskapsmøtet møtes ja og nei- folk, tja og veit ikkje. Målet er at møtet skal gi alle betre grunnlag for eigne meiningar”
Program som gir praktisk innsikt
Kystverket er i forhandlingar med leverandørane, men prioriterer arrangementet for å svare på spørsmål, medan LO og NHO Vestland løftar fram kvifor både arbeidstakar- og arbeidsgjevarsida støttar bygging av skipstunnelen.
Som del av programmet får deltakarane òg segle rundt Stad, men på ein trygg måte i simulator. Her kan deltakarane kjenne på ulike vêr- og bølgeforhold, og deltakarane får kjenne korleis det kan vere å gå rundt Stad.
Arrangørane håpar både støttespelarar og skeptikarar vil bruke høvet til å delta.
“Målet er å sikre eit breitt, faktabasert og felles kunnskapsgrunnlag før ein tar stilling til korleis arbeidet med Stad skipstunnel bør førast vidare. Vi tenkjer at før du stemmer over Stad bør du vite kva du stemmer over. No står slaget om Stad! ”
Innsatsgruppa bak frå venstre: Bjørn Lødemel, Sverre Øvrelid Steen, Britt Giske Andersen, Tommy Sperre og Elisabeth Hatlenes. Linn Therese Osteland, Kystrederiene, var ikke tilstede da bildet ble tatt.
Foto: Ingeborg Sol Fure
Kort om innsatsgruppa:
Innsatsgruppa for Stad skipstunnel består av Britt Giske Andersen (Maritimt Forum Nordvest), Tommy Sperre (Ålesundregionens næringsforening), Bjørn Lødemel (Sogn og Fjordane næringsråd), Sverre Øvrelid Steen (Sunnmøre regionråd), Elisabeth Hatlenes, leiar (Fjordane regionråd), Linn Therese Skår Hosteland (Kystrederiene)
Dei arbeider på vegne av styringsgruppa som er samansett at dei to fylkeskommunane, NHO, LO, hurtigbåtforbundet, fiskarlaget og vertskommunane. Gruppa har ei koordinerande rolle i å samle kunnskap og følgje opp arbeidet med Stad skipstunnel.

