Kjernekraft blir ein del av løysinga

Ove Wilhelmsen i Breeze Ship Design trur kjernekraft blir ein del av løysinga. – Me har gjort konseptstudier og arbeider med eit konkret prosjekt, seier han.

F.v.: Ove Wilhelmsen, Mariusz Przybylski, Anna Heimvik, Madeleine Hagenes Bassan, Bengt Monry Olsen og Anna Napora. Foto Breeze Ship Design.

Breeze Ship Design sender årleg Høgskulen på Vestlandet og NTNU forslag til master- og bacheloroppgåver med problemstillingar verksemda ynskjer kasta lys over.

– Våren 2025 fekk me napp. To bachelorstudentar frå marinteknikk meldte seg. Dei ville vere med å gjere ein konseptstudie på implementering av framdrift på kjernekraft i eit av våre design. Me valde det designet som Aker BioMarine sitt fartøy «Antartic Provider» er bygt etter, eit støttefartøy til verksemda sine krilltrålare i Sørishavet. Nærare definert utvikla dei eit konsept for kraftproduksjon basert på fjerde generasjon kjernereaktor, fortel Wilhelmsen.

Dei to studentane er Anna Heimvik og Madeleine Hagenes Bassan. Hos Breeze Ship Design kom dei under Mariusz Przybylski sin kyndige veiledning. Han har vore involvert i alle ammoniakk- og hydrogenprosjekta Breeze har gjort, og han jobbar mykje no om dagen med kjernekraft og kunstig intelligens.

 
Våren 2025 fekk me napp. To bachelorstudentar frå marinteknikk meldte seg. Dei ville vere med å gjere ein konseptstudie på implementering av framdrift på kjernekraft i eit av våre design.
— Ove Wilhelmsen
 

- Så er det Bengt Monry Olsen som har ført i pennen den konseptuelle «ombygginga» av Antarctic Provider-designet til å ha kjernekraft om bord. Bengt er leiar for arrangement og utrusting i Breeze Ship Design. Anna Napora har laga 3D-modell av skipet med illustrasjonar av korleis det nye kraftsystemet om bord vil sjå ut og korleis det er konstruert, sier Ove Wilhelmsen.

– Men kva med det konkrete prosjektet du nemde?

– Foreløpig kan eg ikkje seie så mykje anna enn at me arbeider saman med eit klasseselskap, ein leverandør og eit stort internasjonalt rederi om eit større nybygg med framdriftsløysing på kjernekraft. Me reknar med at prosjektet starter opp i januar, men at det ganske snart kjem ut ei pressemelding om dette.

Nyleg hadde Breeze Ship Design vitjing av studentgruppa «Fribord» på Marinteknikk ved HVL. Då presenterte Madeleine Hagenes Bassan kva ho og Anna Heimvik hadde gjort i oppgåva si.

– Så må du få med avslutningvis at Madeleine no jobbar her hos oss, smiler Ove Wilhelmsen.

(Tekst SMe)

Forrige
Forrige

Bedriftsbesøk hos Survitec: Verdensledende og livreddende – fra Ålesund

Neste
Neste

Storkontrakt mellom Solstad Maritime og DeepOcean