Næringsliv og skule i tospann

Fullføringsprosenten for elevar på Bømlo v. skule er høgare enn snittet. Læringsmiljøet skårer og høgt. Det kan vere fordi næringsliv og skule går hand i hand.

Tor Inge Kalstad er rektor på Bømlo v. skule. Her på Bømlakonferansen.

Bømlo v. skule tilbyr mellom anna maritim utdanning.

- Den har vore oversøkt i år, kunne rektor Tor Inge Kalstad fortelje til deltakarane på Bømlakonferansen.

At utdanninga har fleire søkjare enn det er plass til, kan for maritime fag som for andre utdanningstilbod, ha samanheng med det nye skulesenteret på Rubbestadneset der elevar og tilsette i næringslivet går i dei same korridorane og et maten sin i same kantine.

- Bømlo er gode på inkludering, fortsatte Kalstad og meinte nok med det meir enn skule, men også dette. Kva skulen og næringslivet gjeld peika han ikkje minst på at elevar får utplassering i dei ulike verksemdene.

- Dette gir motivasjon, sa han.

Rektoren har både ei avdeling på Rubbestadneset og ei på Svortland å halde styr på, men får hjelp mellom anna av Inga Svanheld. Ho er “putt i panne” med tilbodet Bømlo v. skule gjev innanfor entreprenørskap og utvikling av verksemder.

- Dette blir eit tilbod som programfag frå og med hausten 2026. Det handlar om innovasjon, verdiskaping, berekraft, strategi og verksemdutvikling. Me vil nytta ungdomsbedrift som metode, sa mellom anna Svanheld.

Dette tyder at elevane skal gå gjennom dei tre fasane å starte, drive og avvikle ei verksemd.

Inga Svanheld

(Tekst SMe)

Forrige
Forrige

Valgkomiteen gjenoppnevnt

Neste
Neste

DEME bestiller nytt skip basert på design fra Salt