Ny giv for Stad skipstunnel
Den nye innsatsgruppa vart lansert på frukostmøte i Oslo.
F.v: Judith Kvåle (ordførar i Stad), Britt Giske Andersen (Maritimt Forum Nordvest), Tommy Sperre (Ålesundregionens næringforening), Bjørn Lødemel (Sogn og Fjordane næringsråd), Sverre Øvrelid Steen (Sunnmøre regionråd), Elisabeth Hatlenes (Fjordane regionråd), Paul Sindre Vedeld (ordførar i Vanylven), Linn Therese Skår Hosteland (Kystrederiene), Bengt Solheim-Olsen (ordførar i Kinn).
Nordvestlandet tar initiativ for å auke trykket i arbeidet med å realisere Stad skipstunnel. No kjem eit nytt lag på bana for å leie innsatsen fram mot revidert nasjonalbudsjett. Innsatsgruppa for realisering av Stad skipstunnel vart presentert på frukostmøte i Oslo.
Initiativet kjem frå næringslivet i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, medan arbeidet skjer på oppdrag frå ordførarane i Vanylven, Stad og Kinn, og byggjer vidare på det solide grunnlaget som er lagt gjennom mange år. Innsatsgruppa skal arbeide strategisk, samla og målretta for å løfte kunnskapen om prosjektet og sikre finansiering.
“– Når eg eg ser den krafta vi klarer å mobilisere på kysten, så gir det meg ei veldig tru på framtida til skipstunnelen. Det er spesielt viktig at det nye innsatsteamet sikrar at Kystverket og beslutningstakarane har eit solid kunnskapsgrunnlag som viser dei behova og moglegheitene som ligg i prosjektet.”
Gruppa som også var tilstades på frokostmøtet om Stad skipstunnel i Oslo, er breitt samansett med representantar frå kommunar nord og sør for Stad, ved Tommy Sperre, Næringsforeninga Ålesund, Bjørn Lødemel, Sogn og Fjordane Næringsråd og Britt Giske Andersen, Maritimt Forum Nordvest og Linn Therese Skår Hosteland, Kystrederiene.
Elisabeth Hatlenes og Sverre Øvrelid Steen er daglege leiarar i regionråda og tek over stafettpinnen og ansvaret for det vidare strategiske arbeidet.
Innsatsgruppa skal levere eit oppdatert kunnskapsgrunnlag, koordinere informasjon mot media og relevante departement og komitear, og sikre tydleg forankring regionalt. Gruppa vil vere operativ fram til sommaren 2026.
Elisabeth Hatlenes, Fjordane regionråd, vert leiar for samarbeidet
“– No treng vi alle gode krefter for å bygge nok kunnskap og tru hos politikarane, til at prosjektet vert realisert. Hadde alle nasjonale infrastrukturprosjekt blitt like grundig gått i saumane, tør vi nesten ikkje tenke konsekvensane av kva som hadde blitt.”

