Nytilsett spesialrådgjevar i Kystverket kjem til Haugesundkonferansen

Etter fleire år som toppleiar i DSB takka Elisabeth Aarsæther nyleg ja til ei sentral rolle som spesialrådgjevar for samfunnstryggleik og beredskap i Kystverket. Då passar ho inn som hånd i hanske i programmet til Haugesundkonferansen.

Tidlegare leiar i DSB, Elisabeth Aarsæther, har starta i jobb som spesialrådgjevar for samfunnstryggleik og beredskap i Kystverket. Her saman med fungerande kystdirektør Per Jan Osdal då biletet blei tatt primo april. Foto Øistein Mjærum / DSB.

Kystverket og DSB samarbeider tett på ei rekkje område, som sjøtryggleik, beredskap mot akutt forureining og nasjonal samfunnstryggleik.

– Kystverket og sjøvegen spelar ei kritisk og grunnleggjande rolle i det norske totalforsvaret, med ei nærmast endelaus kystlinje som må overvakast og vernast. Eg ser fram til å bidra i eit sterkt fagmiljø for å samordne og styrkje beredskapen i ei krevjande tryggleikspolitisk tid, sa Elisabeth Aarsæther til Kystverket sin nettstad like før ho då tiltrådte som spesialrådgjevar i Kystverket i april.

Tema for Haugesundkonferansen under Maritim Veke frå den 21. til den 25. september er “ein konkurransekraftig maritim strategi i ei ny verd”.

- Beredskap og totalforsvar blir ein viktig del av dette. Då skal det bli særs hyggeleg og spanande å få høyre Elisabeth Aarsæther, som sjølv om ho har djuptpløyande røynsle frå DSB knytta til samfunnsikkerhet og beredskap, er eit relativt nytt andlet i den maritime næringa, seier Sverre meling som leiar programkomiteen for Haugesundkonferansen.

Forrige
Forrige

Ulike ligaer, samme mål

Neste
Neste

Solstad vant frem i voldgift