Rekruttert frå eigne rekker
Øyvind Harald Eskeland (55) blir ny administrerande direktør i Leirvik AS frå 1. januar 2026.
F.v. avtroppande adm. dir. direktør Helge Gjøsæter og påtroppande Øyvind Harald Eskeland. Foto Leirvik AS.
Eskeland har vore ein del av selskapet sidan 2016 og kjem frå stillinga som finansdirektør. Han har lang leiarerfaring frå Aker Elektro og som CFO for Wärtsilä Norge AS før han kom til Leirvik AS. Øyvind Harald Eskeland er utdanna siviløkonom ved Handelshøgskolen BI i Sandvika.
Ein naturleg og framtidsretta overgang
Styret løfter fram intern rekruttering som eit sterkt signal på kontinuitet og retning.
– Øyvind Harald har over fleire år vist solide leiareigenskapar, brei kompetanse og eit stort engasjement for verksemda. Me er trygge på at han vil føre selskapet vidare i riktig retning, seier Rune Lande, styreleiar Leirvik AS.
Øyvind Harald Eskeland uttrykkjer stor motivasjon.
- Eg set stor pris på tilliten og gler meg til å vidareutvikle både organisasjonen og satsingane våre i lag med dei dyktige folka me har her, seier han.
Til neste år blir Leirvik AS 80 år, og Øyvind Harald Eskeland blir med dette den sjette direktøren i Leirvik AS sidan stiftinga i 1946.
Leiarskifte i både administrasjon og styre
Helge Gjøsæter, som har leia selskapet sidan 2017, trer no ut av rolla som administrerande direktør og går inn som arbeidande styreleiar i Leirvik AS. I tillegg skal han ha fokus på strategi og forretningsutvikling for alle selskapa i konsernet underlagt Aritech Invest AS og Leirvik Group AS, som inkluderer Emtunga AB, Searas AS, Optiras AS og Subshore Gruppa.
- Det har vore ei stor glede å leie Leirvik AS gjennom spennande år, spesielt frå 2021 då me overtok selskapa og dermed sikra lokalt eigarskap. Det har vore hektiske år med god aktivitet innan offshore vedlikehaldsprosjekt og nybygg av offshore hotell, som no sist gjennom leveransen av Hugin A til Aker Solutions/Aker BP. I tillegg har me lukkast strategisk med satsinga på nye marknadsområde som akvakultur, infrastruktur og offshore havvind. No er det rett tidspunkt å gi stafettpinnen vidare samstundes som eg ser fram til å ta ein meir strategisk posisjon som styreleiar, seier Helge Gjøsæter.
Dagens styreleiar, Rune Lande, held fram som styremedlem for å sikra kontinuitet og vidareføring av kompetansen i styret.
- Han har vore ein viktig bidragsytar til å ta selskapet til der det er i dag og vil ha ei sentral rolle i satsinga vår innan akvakultur. Denne løysinga styrkjer både den nye daglege leiinga og det strategiske arbeidet i selskapet og gir eit solid fundament for vidare utvikling, heiter det i ei pressemelding.
Leirvik AS hadde i 2024 ei omsetning på kr. 1,5 mrd. Verksemda er ein verdsleiande aktør innan bygging av store aluminiumskonstruksjonar.
“Eg set stor pris på tilliten og gler meg til å vidareutvikle både organisasjonen og satsingane våre i lag med dei dyktige folka me har her.”

