Rett frå formannskapet til møte med Maritimt Forum

Det er ikkje berre formannskapet i Bømlo kommune som er nysgjerrig på dei maritime planane som no rullast ut på Rubbestadneset. Det er heile den regionale maritime klynga. Ikkje utan grunn.

Ivar Ingvaldsen (t.v.) i Wärtsilä og Jakob Særsten i LOS Gruppen arbeidar med store planar for Rubbestadneset. Her er dei i verkstadhallen til Bømlo v. skule, avdeling Rubbestadneset. LOS Gruppen held til i same bygget. Foto SMe.

⁃ Me har 110 mål ferdigregulert areal og kan sjå for oss ei samla investering på opp mot ein milliard kroner om alt byggjast ut. Dokken aleine ligg på rundt 360 millionar inklusive fasilitetar, seier Jakob Særsten, eigar og leiar i LOS Gruppen.

Me møter han saman med Ivar Ingvaldsen, salssjef for prosjekt og ombyggjingar i Wärtsilä.

⁃ Wärtsilä er på tilbodssida når Sjøforsvaret skal byggje 28 standardfartøy. Me kan tilby eit fullt livsløp på framdriftssystemet med produksjon, service og vedlikehald. Produksjonen vil vere i Norge og i Europa, Wärtsilä i Norge vil ta hand om all service og alt vedlikehald. Dette mykje med utgangspunkt her på Rubbestadneset der me har ein av dei største komplette firetakts arbeidsverkstader i Europa. Me meiner vårt konsept for total service i 30 år er eineståande, seier Ingvaldsen.

Anlegget på Rubbestadneset sett frå sør slik det kan kome til å sjå ut. Store masseutskiftingar er naudsynt parallelt med utfyllingar i sjø. Illustrasjon LOS Gruppen.

Men planane på Rubbestadneset heng ikkje utelukkande på at Wärtsilä vinn fram med sitt tilbod.

⁃ Nei, det gjer dei ikkje. Fleire reiarlag har signert intensjonsavtale om å bruke den nye dokken når den står klar. Uansett er me oppteken av å ta vidare 120 år med rike, maritime tradisjonar her på Rubbestadneset. Ja, me er oppteken av å ta del i vidareutviklinga av heile den maritime klynga i Sunnhordland og på Haugalandet. Verksemder som kompletterar det me held på med på Rubbestadneset, er velkomne til å etablere seg på dei nye areala me no ser for oss. Det styrkjer LOS Gruppen og Wärtsilä, ja oss alle, seier Særsten.

Han tenkjer dessutan at fleire motorlevandører i tillegg til Wärtsilä kan tenkjast å etablere seg med service og vedlikehald på Rubbestadneset.

⁃ At Rubbestadneset kan tilby merkeverkstad for flest mogeleg skip ser Wärtsilä positivt på, tilføyer Ingvaldsen.

Anlegget sett frå nord. Illustrasjon LOS Gruppen.

Jakob Særsten og LOS Gruppen tenkjer seg ikkje utan vidare som utbyggjar og eigar av dei planlagte areala. Heller ikkje Wärtsilä.

⁃ Det kan godt vere at me skal vere på eigarsida, men det er ikkje naudsynt. Me har mykje av verksemda vår på Rubbestadneset, ikkje minst knytt til LOS Marine, men eigarspørsmålet er foreløpig ope. Me er interessert i å kome i kontakt med investorar, seier Jakob Særsten.

Wärtsilä kjenner dei fleste til både nasjonalt og internasjonalt, med ein omsetnad på marine aktivitetar i Norge på tre millardar kroner, men LOS Gruppen er heller ingen smågut i den regionale, maritime klynga i Sunnhordland og på Haugalandet.

⁃ Me reknar med å kome nær to milliardar i omsetnad i 2026 samstundes som talet på medarbeidare kjem opp i nær 700, avsluttar Særsten.

Sjå film her.

 
Me er interessert i å kome i kontakt med investorar.
— Jakob Særsten
 

(Tekst SMe)

Forrige
Forrige

Rune Midtun følger opp maskinistutdanning på HVL

Neste
Neste

Wärtsilä amoniakk-motor avkarboniserer nytt lasteskip fra Skarv Shipping