Appell frå dei norske verfta: Politisk handling no – for arbeidsplassar, beredskap og grøn omstilling
På biletet frå venstre ser ein Dag Vikestrand (Fiskerstrand Verft), Gunvor Ulstein (Ulstein Verft), Hans Jørgen Fedog (Green Yard Group), Nina Myklebust Lødøen (Larsnes Mek.) og Leiv Sindre Muren (Myklebust Verft). Foto: Ulstein.
Dei norske verfta har samla seg om ein felles appell. Med rett politisk støtte kan vi sikre tusenvis av arbeidsplassar langs kysten, styrke nasjonal beredskap og ta ei leiande rolle i den grøne maritime omstillinga
Verfta ber om konkrete grep som vil gjere det mogleg å vidareutvikle industrien. Gjer ein dei tiltaka som bransjen foreslår, vil norsk maritim industri med verfta som navet, framleis vere ei internasjonal kraft – til beste for heile landet.
“Verftene er en helt avgjørende del av den norske maritime klyngen og Norges beredskap. Myndighetene må i større grad utnytte handlingsrommet internasjonalt regelverk gir for finansiering og annen støtte, og i større grad enn i dag bygge statlige fartøy i Norge. Politisk støtte er nødvendig og avgjørende for verftenes videre konkurransekraft.”
Bakgrunn
Noreg har ei komplett maritim klynge og er blant dei leiande skipsfartsnasjonane i verda. Norske verft er i verdstoppen når det gjeld bygging av skip, samt det å ta i bruk innovasjon og nye grøne løysingar for ei reinare framtid. Dette er ikkje berre ei teknologisk bragd – det er eit nasjonalt fortrinn.
Samfunnsøkonomisk verdi og lokal betydning
Skipsverfta skaper tusenvis av arbeidsplassar som gir store ringverknader i lokalsamfunna. Eitt årsverk på eit verft genererer fem-seks årsverk i andre næringar. Dette er hjørnesteinsbedrifter som held distrikta levande og bidreg til nasjonal verdiskaping. Å investere i skipsverft er å investere i folk, kompetanse og framtid.
Sjøfartsnasjon og ein spydspiss i det grøne skiftet
Vi ønskjer å vere ein aktiv medspelar i å vidareutvikle og styrke Noregs posisjon som leiande sjøfartsnasjon. For å lukkast, treng vi politisk vilje og samarbeid om løysingar som gjer det mogleg å bygge framtida – her heime.
Nasjonal beredskap og sjølvforsyning
I ei tid prega av uro og geopolitiske endringar, er det avgjerande at Noreg har eigen kapasitet til å bygge og vedlikehalde fartøy. Norske skipsverft er ein strategisk ressurs for maritim beredskap og sjølvforsyning. Når tryggleik står på spel, må vi kunne stole på eigne hender og hovud.
Maritimt Forum støtter flere av grepene som blir foreslått, blant annet at det skal stilles krav til offentlige anskaffelser, sikre at mest mulig av verdiskapingen rundt fregattene blir utført i Norge og at de 28 standardfartøyene i Forsvarsløftet blir bygd i Norge.
Vi støtter også at det trengs en styrking og forenkling av virkemiddelapparatet inn mot forskning og utvikling i skipsbyggingsindustrien, samt et koordinert løft for å sikre tilgang på fagarbeidere og bygge opp igjen nasjonal skipsbyggingskapasitet og støtte til livslang kompetanseheving.