Bømlakonferansen fulltegna
Den årlege Bømlakonferansen i regi av Bømlo Næringsråd hadde rekorddeltaking då den gjekk av stabelen i Bømlo Kulturhus nyleg. Inkludering var eit av stikkorda for konferansen.
Lauritz Eidesvik er styreleiar i Bømlo Næringsråd. Ragnfrid Sønstabø er dagleg leiar.
- Me har samle 186 deltakare, 120 frå næringslivet og 66 Vg3 elevar frå Bømlo vidaregåande skule, sa Ragnfrid Sønstabø som leiar næringsrådet.
Elevdeltakinga handlar om inkludering. I det heile var nettopp inkludering eit gjennomgåande tema på konferansen. Adm. dir. Pablo Barrera var innom dette i sitt innlegg.
- I Haugaland Kraft har me ei målsetjing om 25 prosent kvinner og 10 prosent i opplæringsstillingar, sa mellom anna han.
Den norgeskjente “helsesista”, Tale Maria Krohn Engvik”, nytta heile sitt innlegg til omsorg og inkludering.
- Bømlo er gode på inkludering, sa rektor Tor Inge Kalstad på Bømlo vidaregåande skule.
“Bømlo er gode på inkludering.”
Han viste særskilt til alle verksemdene som bidreg til motiverte elevar ved å ta dei imot i utplassering og anna.
Om temaet fusjonsenergi eigentleg kan seiast å ha noko med inkludering å gjere, er kanskje tvilsamt, men fysikkprofessor Geir Ersland, opphaveleg frå Bømlo, fortalde i alle fall levande om krafta som kan utløysast ved samansmelting, altså fusjon av atomar.
Overordna tema for Bømlakonferansen var “kraft i krisa”, og det var nær slik at heile forsamlinga kom til å tru at fusjonsenergi kan løyse heile energi- og klimakrisen.
- Eg er optimist for framtida, sa i alle fall Ersland.
Geir Ersland er professor i fysikk ved Universitetet i Bergen.
(Tekst og foto SMe)