Doktorrand frå HVL bidrar til DeepOceans USV Challenger

Allan Kevin Nganga disputerte 1. juni ved HVL for ein ph.d.-grad innanfor maritim situasjonsforståing i møte med cyberhendingar. I dette ligg nytteverdi opp i mot DeepOceans fjernstyrte farkost USV Challenger.

Allan Kevin Nganga hadde mottaking i Haugesund Rederiforening etter prøveforelesing og disputas.

- Ja, eg gjer no arbeid som senioringeniør opp mot DeepOcean og USV Challenger, smiler ein nøgd, nyslått doktor.

Allan Kevin Nganga er frå Kenya. Frå United States International University i heimlandet har han ein bachelor- og ein mastergrad i informasjonssystemteknologi. I 2022 starta Nganga på ein doktorgrad i maritim cybersikkerheit gjennom doktorgradsprogrammet i nautiske operasjonar mellom NTNU, UiT, HVL og USN.

- Den maritime sektoren har vorte stadig meir avhengig av samankopla digitale system for kritiske skipsfunksjonar. Sjølv om denne digitale omstillinga legg til rette for tryggare og meir berekraftig drift, har ho òg introdusert noko nytt, nemleg digital tryggleiksrisiko, forklarer Nganga.

Under ei mottaking i Haugesund Rederiforening blei han verdsatt som ein god medarbeidar, intelligent og særs arbeidsvillig.

- I si avhandling undersøkjer Allan Kevin Nganga korleis omgrep frå situasjonsforståing kan brukast for å betre kommunikasjonen mellom skip og Maritime Security Operations Centres (M-SOC) under handtering av cyberhendingar, skriv HVL på sin nettstad.

USV Challenger for kai utanfor fjernstyringssenteret til Remota på Killingøy i Haugesund. Farkost som fjernstyringssenter er eigd av DeepOcean, Solstad og Østensjø Rederi i lag.

(Tekst SMe delvis klippa frå HVL sin nettstad. Foto SMe)

Neste
Neste

Kommentar: Var Knut Knutsen O.A.S. for havvind?