Jackpot for HVL
Av 150 øremerka studieplassar sett av i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2027, går 80 til Høgskulen på Vestlandet, herav 60 til campus Haugesund.
Bilete frå HVL sin profil på LinkedIn. F.v. høgare utdannings- og forskningsminister Eileen Fugelsnes, rektor Gunnar Yttri, dekan Else Cathrine L. Rustad ved Fakultet for helse, og sosialvitskap og dekan Jens Kristian Fosse ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap.
Høgare utdannings- og forskningsminister Eileen Fugelsnes fortalde om 30 nye studieplassar til vernepleieutdanning og 20 nye studieplassar til bioingeniørutdanning på eit frukostmøte ved HVL i Bergen same dagen som statsbudsjettet blei lagt fram.
- Dette er ein verkeleg stor dag for HVL. Det gjer inntrykk å bli sett og verdsett for arbeidet vårt. Me kjenner på eit ansvar for å bruka studieplassane best mogleg. Denne tildelinga gir rammer til å styrke heile samfunnsmandatet vårt, seier rektor Gunnar Yttri.
Tidlegare hadde Fugelsnes, saman med fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss, meldt 30 nye studieplassar til ein maskinoffiserutdanning ved HVL, campus Haugesund. Dette skjedde under Maritim Uke då også det nye høgskulebygget til HVL i Haugesund blei opna. Også studieplassane til vernepleieutdanning går til campus Haugesund slik at det samla talet nye, øremerka studieplassar her blir 60 av dei nemde 80 til HVL under ett.
- HVL gjer ein fantastisk jobb og har ein profil og studieportefølje som Noreg treng i åra som kjem, sa Fugelsnes i Bergen.
(Tekst SMe basert mellom anna på HVL sine oppslag på Facebook og LinkedIn.)

