Maritim utdanning inn i regjeringens kompetansebudsjett
I statsbudsjettet for 2027 legg regjeringa for første gong fram eit kompetansebudsjett. Maritim utdanning blir prioritert.
Jorunn Steensnæs
- Dette lover godt, seier Jorunn Steensnæs som er leiar for Institutt for maskin- og maritime studium ved Høgskulen på Vestlandet.
Kompetansebudsjettet skal vere eit styrings- og prioriteringsverktøy for å bidra til å sikre kompetansen Noreg treng, og det skal utviklast vidare dei neste fire åra. I budsjettdokumentet blir maritim utdannings lista opp som eit av fem prioriterte fagområde:
Realfag og teknologi
Kvanteteknologi
Maritim utdanning
Forsvar
Helsefag
- Maritim utdanning er eitt av dei prioriterte fagområda for det grøne skiftet, og viktig for norsk konkurransekraft. Tilgang til maritim kompetanse er ein føresetnad for denne konkurranseevna. Digital kompetanse og operasjonell erfaring frå sjøen er særleg etterspurd. Regjeringa tek sikte på å legge fram ein ny maritim strategi og vil i den samanhengen vurdere rekruttering og kompetanse i maritim sektor, heiter det i dokumentet.
Jorunn Steensnæs kunne, saman med den maritime næringa, også glede seg då regjeringa med fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss og høgare utdannings- og forskningsminister Eileen Fugelsnes i spissen, kom til Haugesund under Maritim Uke for å melda at det blir tildelt tretti øremerka studieplassar i statsbudsjettet for 2027 over tre år utover nåværende studieportefølje for ein ny maskinoffiserutdanning. Med tildelinga følger også utviklingsmidler på 10 millionar kroner.
- Ja, det har vore ein god haust så langt, smiler Steensnæs.
Frå pressekonferansen i HVL sitt nye høgkulebygg i Haugesund då statsrådane Eileen Fugelsnes og Marianne Sivertsen Næss meldte dei nye studieplassane til ein maskinoffiserutdanning. F.v. Jens Kristian Fosse, dekan for fakultetet for teknologi, miljø- og samfunnsvitenskap, rektor Gunnar Yttri, Eileen Fugelsnes, høgare utdannings- og forskningsminister og Marianne Sivertsen Næss, fiskeri- og havminister.
(Tekst og foto SMe)

