Landstraumløysing frå Zinus skal betene Napier
Zinus skal levere kabelhandteringssystem til landstraumsløysinga ved MOWI sitt nye foredlingsanlegg på Jøsnøya på Hitra. Løysinga skal betene Napier sine prosessfartøy i arbeid for MOWI. Desse er verdas største i sitt slag.
Napier sine to prosessfartøy Tautiki og Tauroa på Jøsnøya. Foto Zinus/Napier.
Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med totalteknisk leverandør JM Hansen. Dette kjem fram i ein pressemelding.
Leveransen frå Zinus består av to stykk ZPP115 kabelhandteringssystem som blir installerte på kai ved fabrikkanlegget. Anlegget er planlagt levert sommaren 2026.
For Zinus er fleksibiliteten i kabelhandteringssystemet eit viktig element i prosjektet.
– ZPP115 er utvikla for å gi stabil og enkel drift samstundes som løysinga er svært fleksibel i bruk. Det er viktig i eit miljø der ulike fartøy skal operere effektivt og sikkert på same kai. Vi er svært stolte over å få levere til oppdrettsnæringa og til verdas største prosessfartøy. Dette er ein marknad vi har stor tru på framover, seier Andreas Södergran, Sales Manager Noreg i Zinus AS.
Kabelhandteringssystemet frå Zinus er utvikla for å støtte ulike fartøytypar og operasjonelle behov og blir integrert som ein del av den totale landstraumsløysinga ved anlegget. Løysinga blir òg integrert mot fabrikken via SCADA-system med sanntidsovervaking for sikker og stabil drift.
– Dette er eit spennande prosjekt som kombinerer moderne industri, berekraft og framtidsretta energiløysingar. Saman med Zinus og dei andre samarbeidspartnarane ser vi fram til å levere ei robust og effektiv løysing til MOWI sitt anlegg på Jøsnøya, seier Kristian Haug Flakk i JM Hansen.
- MOWI sitt anlegg på Jøsnøya er eitt av verdas mest moderne foredlingsanlegg for laks, og prosjektet markerer eit viktig steg vidare i utviklinga av meir berekraftig infrastruktur for havbruksnæringa, heiter det i meldinga.
Både Zinus og Napier held til på Bømlo. Kommunen er nominert til å bli Årets maritime kommune.

