Næss svarar Fiskaa om tilskotsordninga for sjøfolk

Stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa (SV) frå Rogaland spurde i forrige veke fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss om regjeringa sitt forslag til endringar i tilskotsordninga for sjøfolk.

Arkivbilete: Marianne Sivertsen Næss under opninga av Maritim Veke i Haugesund i 2024. Foto SMe.

Statsråden har gjeve eit omfattande svar.

I svaret skriv ho mellom anna:

Regjeringa er interessert i å få dei ulike aktørane sine synspunkt på endringsforslaget, og utvida difor høyringsfristen for lovproposisjonen. Vi vil vurdere høyringsinnspela nøye og sjå på korleis vi kan innrette ordninga best mogleg for å bevare norsk maritim kompetanse og ein stor norsk flåte.

Maritimt Forum har allereie gjeve sitt høringsinnspel.

- Dette er ein særs viktig sak for oss. I spørsmålet sitt adresserte Fiskaa på ein presis måte kva sjøfolk og næring er uroa for. Difor vonar me at statsråden og departementet les høringsinnspelet vårt nøye før ein konkluderar i denne saka, seier dagleg leiar i Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland, Sverre Meling.

Stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa. Foto Stortinget.

Forrige
Forrige

Trump endrer tidsånden og den politiske økonomien

Neste
Neste

Solidaritetsbudskap fra statsminister Støre