Ingrid Fiskaa spør om tilskotsordninga

Ei samla maritim næring har stilt spørsmål ved regjeringa sitt forslag til endringar i tilskotsordninga for sjøfolk. Stortingsrepresentanten frå SV som representerer Rogaland på Løvebakken, er på ballen.

Ingrid Fiskaa. Foto Stortinget.

- Korleis vil regjeringa sikra at endringar i tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk ikkje fører til auka utflagging av norske skip, svekt rekruttering til maritime yrke og redusert nasjonal beredskap, og vil regjeringa gjennomføra ei grundig konsekvensutgreiing av verknadene for norsk flagg og den maritime klynga før eventuelle endringar blir vedtekne, spør Fiskaa.

Ho grunngjev spørsmålet slik:

Nærings- og fiskeridepartementet har sendt på høyring forslag til endringar i lov og forskrift om tilskot til sysselsetjing av arbeidstakarar til sjøs. Bakgrunnen er at dagens ordning, som er godkjend av ESA fram til 28. februar 2026, skal notifiserast for ein ny periode. Departementet føreslår mellom anna at reiarlag skal kunne søka om tilskot også for sjøfolk på skip registrerte i andre EU- og EØS-land.

Fleire aktørar i den maritime næringa har uttrykt uro for at forslaget kan svekka insentiva til å registrera skip under norsk flagg. Maritimt Forum og andre peikar på at ordninga i praksis kan likestilla, eller i enkelte tilfelle gi betre økonomiske vilkår for skip registrerte under andre EU/EØS-flagg enn under dei norske registera (NOR og NIS). Samtidig har delen norskregistrerte skip gått ned dei siste åra.

Ei utvikling med færre skip under norsk flagg kan få konsekvensar for både rekruttering til maritime yrke, norsk maritim kompetanse og den samla maritime klynga. Fleire har også peikt på at norsk tonnasje og norsk flagg har betyding for nasjonal beredskap, myndigheitskontroll og tryggleik i norske farvatn, særleg i ei tid med auka geopolitisk uro.

Fleire aktørar i næringa har derfor etterlyst ei grundigare konsekvensanalyse av verknadene før det eventuelt blir gjort endringar i ei av dei viktigaste ordningane for å sikra norsk flagg og norsk maritim kompetanse.

Maritimt Forum vil kome tilbake til statsråden sitt svar når det ligg føre.

Forrige
Forrige

MOEN blir medlem i Maritimt Forum Midt-Norge

Neste
Neste

Flåten til Edda Wind kan bli solgt