Open dag hos Bømlo Vidaregåande skule

- Maritim næring har utruleg gode rammer for inntak av lærlinger, heilt i særklasse, seier rådgjevar Andreas Tislavoll.

Andreas Tislavoll er rådgjevar ved Bømlo v. skule, avd. Rubbestadneset.

Han venta storinnrykk på skulen sin avdeling på Rubbestadneset då Maritimt Forum møtte han.

- Eg trur det blir rundt 500. Mogelege søkjare til utdanningane våre og deira foreldre, ja andre og legg han til etter å ha skrytt av korleis den maritime næringa møter undommen både i skulesituasjon og når det kjem til læreplassar.

Av maritime verksemder med utstilling på den opne dagen fann med desse:

  • Aker Solutions (Stord)

  • Napier (Bømlo)

  • Reach Subsea (Haugesund)

  • Bømlo Skipsservice (Bømlo)

  • Eidesvik Offshore (Bømlo)

  • LOS Elektro og LOS Marine (Bømlo)

  • Wärtsilä (Bømlo/Stord)

  • Zinus (Bømlo)

  • Maritim Opplæring Sørvest (Haugesund/Sør-Vestlandet)

Altså verksemder og fra andre stader enn Bømlo. Og slik var det også når det kom til tilreisande unge.

- Me kjem frå Husnes. Tok hurtigbåten klokka 06.30 i dag morges til Leirvik og buss derifrå. Me går på Vg1 på Husnes, men tenkjer litt på Vg2 maritime fag, kunne Kamilla Marielle Solum (17 år) og Evy-Ann Seljelid Joleik (16 år) fortelje.

- Me har fleire elever som bur på hybel her på Rubbestadneset, seier Andreas Tislavoll.

Det tyder på ein populær skule, og ikkje mindre populær er den sannsynlegvis blitt etter at nytt skulebygg stod klart i 2023. Her inngår elevane i ein sams kvardag med medarbeidarane i ulike verksemder som er lokalisert i same bygget.

Bømlo Skipsservice hadde utstilling. F.v. Olve Thormodsæter Andersen (utplasseringselev), Robert Pintilie, Madeleine Sørenes og Aleksander Eidesvik Våge.

(Tekst og foto SMe)

Forrige
Forrige

Vant bærekraftsprisen med solid maritimt tilsnitt

Neste
Neste

Wärtsiläs elektriske fremdriftsløsning valgt til Molslinjens tredje hurtigferge