På kaikanten med SMART Automation

Nord for Bømlo Kulturhus ligg Storavatnet. Eit stykke mot vest i Øklandsvåg ligg Bremnes Seashore. Eit stykke mot aust på Rubbestadnestet fekk Frøy Ocean nyleg namn. Inne i kulturhuset gjekk Bømlakonferansen av stabelen. Kaien utanfor var og ein møtestad.

John Kåre Torkelsen er dagleg leiar for SMART Automation. Rigmor Lønning har vore prosjektleiar for verksemda sitt arbeid med Frøy Ocean saman med Kjetil Lothe som var oppteken med anna då Bømlakonferansen blei arrangert. Foto SMe.

“Alt heng saman med alt” var det ein gong ein statsminister som sa, og slik er det vel. I alle fall er det slik at store delar av næringslivet på Bømlo årleg kjem saman på Bømlakonferansen, og det gjeld også SMART Automation. Kva angår Frøy Ocean er ho ei servicebåt bygd for reiarlaget Frøy med operasjon for Bremnes Seashore. Dåpen fann stad den 10. september på Rubbestadneset med varaordføraren på Bømlo, Ragnfrid Sønstabø, som gudmor. Ho er også leiar for Bømlo Næringsråd som står bak Bømlakonferansen.

- Du må også få med at Progreen har hatt designet på Frøy Ocean. Me har arbeidd tett med dei, seier John Kåre Torkelsen.

Progreen held til på Fitjar, ikkje lange vegen i luftlinje frå Svortland, eller frå Rubbestadneset.

- Det me har gjort i samarbeidet vårt med Progreen er å levere ei komplett hybrid elektrisk framdriftsløysing til deira design for arbeidsbåtar til oppdrettsnæringa. Fokus har vore å kome fram til eit velfungerande og driftssikkert konsept som samtidig gjev gode innsparingar med tanke på drivstoffbruk. Løysinga me har kome fram til er skalerbar slik at den kan nyttast på fleire ulike fartøystorleikar. Ein stor batteripakke er med og gjev stor fleksibilitet og redusert forbruk, samt ekstra kraft i samband med tunge operasjonar, legg Rigmor Lønning til.

Som prosjektleiar for SMART Automation inn mot Frøy Ocean, har ho brukt mykje tid på båten. Det har ho gjort saman med Kjetil Lothe som har vore prosjektleiar for delar av levaransen som er nærare omtalt nedanfor.

 
Løysinga me har komme fram til er skalerbar slik at den kan nyttast på fleire ulike fartøystorleikar.
— Rigmor Lønning
 

- La meg seie det slik; Frøy Ocean, kan nesten samanliknast med eit offshore ankerhandteringsfartøy i eit skrog på 28 meter. Eg vil gje stor honnør til både Rigmor og Kjetil, smiler Torkelsen.

Og med det seier han og at SMART Automation siktar mot eit bredt kundespekter, alt i frå servicebåtar for havbruk, som Frøy Ocean, over bløggebåtar til tradisjonelle fiskefartøy og offshorebåtar.

SMART Automation held til i Hollundsdalen på vegen mellom kommunesenteret på Svortland og Rubbestadneset. Dette er kva dei har levert til Frøy Ocean:

  • 2 stk. Elektriske framdriftsmotorar på 374kW der det er nytta kompakte permanentmagnet motorar.

  • 2 stk. SMART Hydrive, frekvensomformarar til framdriftsmotorane.

  • Hovudtavler - 440VAC og 240VAC.

  • Stor batteripakke på 1 445kWh  (1,45MWh).

  • SMART Hydrive - Omformar for batteripakken.

  • Transformatorar.

  • SMART Chief III PMS - Power management system

  • SMART Chief II IAS - Integrert alarm, overvaking og styringssystem.

  • Tankmåling

Frøy Ocean. Foto John Kåre Torkelsen.

- Gjennom vårt avansert SMART Chief IAS og PMS har ein full kontroll blant anna over dieselforbruk, straumforbruk, tilstand på batteri, alarmar og ballast. Ein kan velje å operere fartøyet i fleire forskjellige modus der fullelektrisk er ein av dei. Då går ein tilnærma lydlaust og utan utslepp. Det er lagt opp til fleire ulike alternativ for lading frå land eller merd der målet er å nytte tilgjengeleg rein kraft der dette er mogleg, seier Rigmor Lønning.

- Fleire tilsvarande av same design er under bygging. Eit til Alsaker Fjordbruk som er under bygging i Polen, og eit til Samba Marin som er under bygging i Kroatia, legg John Kåre Torkelsen til.

(Tekst SMe)

Forrige
Forrige

DEME bestiller nytt skip basert på design fra Salt

Neste
Neste

Visste du at … ?