Visste du at … ?

Cecilie Tingvoll Hope frå Vindra stilte nokon retoriske spørsmål på Bømlakonferansen. - Visste du at Noreg per i dag er eit av Europa sine viktigste knutepunkt for datatrafikk?

Cecilie Tingvoll Hope er leiar og deleigar i sjøkabelverksemda Vindra på Rubbestadneset.

Eller:

- Visste du dessutan at 99 prosent av internasjonal datatrafikk går i sjøkablar?

Poenget til Tingvoll Hope var å illustrera marknaden Vindra opererer innanfor; legging av sjøkabel i tillegg til transport og vedlikehald. Og då handlar det ikkje berre om legging av sjøkablar for datatrafikk, men om all trafikk i sjøkablar, til dømes energioverføring.

- Ein stor del av infrastrukturen i Noreg er gamal. Dessutan elektrifiserast samfunnet, til dømes havnar og rutebåtar. Eit gamalt og underdimensjonert kabelnett er marknadsdrivande for ei verksemd som vår, sa mellom anna Cecilie Tingvoll Hope.

Vindra er norrønt frå “vindr” og tyder vind. Verksemda har røter i Amundsen Diving og Amundsen Kabel med lang erfaring frå undervassoperasjonar. Namneskiftet blei gjort i sumar. Kort etter gjorde Vindra ein stor kontrakt til ein verdi av 80 millionar kroner med nettselskapet Elmea om levering, installasjon og sikring av to høgspent sjøkablar i Moskenes kommune i Lofoten.

(Tekst og foto SMe)

Neste
Neste

Maritimt akuttmottak